Hopp til hovedinnhold

SIKT-konferansen arrangert for sjette gong

Den Høgvørde Kronprins Haakon møtte 45 unge leiarar og talent frå Stavanger-regionen under eit frukostmøte hos Næringsforeningen i Stavanger-regionen i dag.

22.10.2018

Møtet skjer i forkant av SIKT. Konferansen er initiert av Kronprinsen, og i år blir han arrangert for sjette gong.

– Mykje kompetanse og sjølvtillit

Deltakarane på frukostmøtet vart delte inn i grupper og diskuterte kvar dei kunne gjere ein forskjell og skape endring i positiv retning i regionen.

Kronprinsen oppsummerte gruppearbeidet slik:

– Dei unge kreftene er viktige for neste kapittel for denne regionen. Det har vore spennande å vere med på diskusjonane rundt bordet. Stavanger er ein dynamisk region. Her går det føre seg mykje. Det er utruleg mykje kompetanse, og de har fått til mykje før. De har ganske mykje sjølvtillit på at det er her det skjer. Det er bra. Det er mykje å byggje på for det neste kapittelet. Fint å sjå at de òg har evna til å tenkje balanse. Det er viktig med ungt pågangsmot, men vi treng òg kunnskapen som dei med meir erfaring har, sa han.

Under SIKT 2018 inviterte Næringsforeningen i Stavanger-regionen 45 unge leiarar og talent frå nærområdet til frukostmøte. Foto: Pål Bentdal / SIKTUnder SIKT 2018 inviterte Næringsforeningen i Stavanger-regionen 45 unge leiarar og talent frå nærområdet til frukostmøte. Foto: Pål Bentdal / SIKT

Unge innovatørar

I forkant av gruppearbeidet heldt åtte unge leiarar innlegg.

Næringsforeningen i Stavanger-regionen organiserte frukostmøtet. Foreininga har 28 ressursgrupper, og dei to gruppene som samlar dei yngre medlemmene, Ressursgruppen U37 og Ressursgruppen Studenter, var representerte ved Christian Jerejian Friestad, Cathrine Johanne Sønvisen og Trygve Vardenær.

Følgjande presenterte sine bedrifter:

  • Karoline Sjødal Olsen, administrerande direktør i Blue Lice, ser på det store problemet med lakselus og korleis det kan førebyggjast slik at det ikkje får utvikle seg i første omgang.
  • Eivind Egeland Olsen jobbar som investeringsdirektør i Nysnø Klimainvesteringer.
  • Henry Vaage Iversen grunnla Boost AI, som starta opp for 2,5 år sidan og har vakse til over 70 tilsette. Boost AI jobbar med kunstig intelligens og utviklar chatrobotar.
  • Victoria Pozdnyakova, lege ved Stavanger universitetssjukehus, er opphavleg frå Russland og jobbar i eit velkomstprogram for menneske som kjem frå utlandet for å jobbe i regionen. Stavanger er ein internasjonal by som har tiltrekt seg kompetanse frå heile verda, tradisjonelt innanfor olje og gass, men no òg helse og IT.
  • Vicky Samuelsen er dagleg leiar i Eir of Norway, som eksporterer sjøpølse verda over.

Kronprinsen deltok òg på ein næringslivslunsj hos Næringsforeningen saman med lokale styresmakter, samarbeidspartnarar av SIKT og lokalt næringsliv.

SIKT-konferansen startar i ettermiddag

I morgon er det offisiell opning av SIKT-konferansen på Universitetet i Stavanger. Men alt i dag møtest dei over 200 deltakarane til plenumssamling og byvandring i Stavanger.

Endring er tema for årets konferanse. Her blir konferansen strauma frå klokka 08.30 tysdag morgon. Etter opninga er det pause på grunn av gruppearbeid og lunsj, før strauminga startar på nytt 13.30:

 

 

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook