Hopp til hovedinnhold

Besøkte Søndre Nordstrand

Den Høgvørde Kronprinsen besøkte i dag politiet på Manglerud og Bjørnholt vidaregåande skole i bydel Søndre Nordstrand i Oslo for å bli orientert om korleis dei der arbeider med førebygging.

25.10.2018

Besøket starta på Manglerud politistasjon, der politimeister Hans Sverre Sjøvold, driftseiningsleiar John Roger Lund og tenestestadleiar Gry Lene Sem ved  driftseining aust i Oslo politidistrikt fortalde om korleis politiet arbeider for å byggje tillit, tryggleik og mangfald og førebyggje kriminalitet i Oslo sør. Politiet arbeider førebyggjande i tett samarbeid med kommunen, bydelane og andre offentlege og private instansar i nærområdet, og Kronprinsen fekk òg møte representantar for mangfaldskontaktane i politiet og eksterne samarbeidspartnarar i minoritetsmiljøa.

Kronprinsen helsar på førebyggjande kontakt Eivind Kjøllesdal, mangfaldskontakt for kvinner Therese Lutnæs og Urfan Ahmad og Masood Fazal, som begge jobbar opp mot minoritetsmiljø. Foto: Heiko Junge / NTB scanpixKronprinsen helsar på førebyggjande kontakt Eivind Kjøllesdal, mangfaldskontakt for kvinner Therese Lutnæs og Urfan Ahmad og Masood Fazal, som begge jobbar opp mot minoritetsmiljø. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Bydel Søndre Nordstrand har den siste tida hatt utfordringar med kriminalitet og rekruttering av yngre personar til kriminelle miljø. 

Kronprinsparet er opptekne av utfordringane storsamfunnet står overfor, og ønskte derfor å møte politiet og lokalsamfunnet for å bli orienterte om det arbeidet som blir lagt ned for å førebyggje kriminalitet og utanforskap.

I møte på Bjørnholt. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffetI møte på Bjørnholt. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Skolesamarbeid

Etter besøket på Manglerud politistasjon kom Kronprinsen til Bjørnholt vidaregåande skole. Den vidaregåande skolen har hatt ein del utfordringar, og under besøket fekk Kronprinsen høyre nærare om samarbeidet mellom politiet, bydelen og skolen. 

Kronprinsen møtte elevar og lærarar på Bjørnholt vidaregåande skole. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffetKronprinsen møtte elevar og lærarar på Bjørnholt vidaregåande skole. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Bjørnholt vidaregåande skole samarbeider med politiets nettpatrulje, som gjev råd og rettleiing og svarer på spørsmål frå publikum via nettet. Nettpatruljen kan samanliknast med ein politipost der publikum kan oppsøkje politiet via nettet for å få kriminalitetsførebyggjande råd, rettleiing i konkrete problemstillingar eller dialog med politiet.

Kronprinsen fekk blant anna møte rektor Else Birgitte Roscher-Nielsen og bydelsdirektør Monica Nordmoen under besøket. 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook