Hopp til hovedinnhold

Festforestilling for Hans Børli

I år er det 100 år sidan Hans Børli vart fødd. Kronprinsparet var til stades då 100-årsjubileet vart avslutta med ei storstilt feiring av den folkekjære lyrikaren på Det Norske Teatret i Oslo.

05.12.2018

Festframsyninga var ei blanding av dikt, tonesette dikt og betraktningar. På scenen stod mellom anna Åse Kleveland, Anne Marit Jacobsen, Sinikka Langeland, Frida Ånnevik, Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig.

Konferansier Åse Kleveland og Sigbjørn Johnsen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoff 

Børli har gjerne blitt kalla «skogens diktar», fordi han hentar mange av motiva sine frå skogen og arbeidde som tømmerhoggar heile livet, men denne merkelappen hadde han sjølv eit ambivalent forhold til. Diktinga hans tok også andre vegar, og naturen hadde han eit elsk/hat-forhold til. 

Gjennom jubileumsåret har fleire peika på dei eksistensielle problemstillingane som han set lys på gjennom diktinga si. Børli viser det store i det vesle. Dikta er ofte opne og undrande.


Kjelde: Det Norske Teatret

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook