Hopp til hovedinnhold

Kyrkjeparade for Kongens Garde

Både Hans Majestet Kongen og Den Høgvørde Kronprinsen deltok i føremiddag under Kyrkjeparaden – Garden si tradisjonsrike gudsteneste i Oslo domkyrkje.

11.12.2018

Kong Harald og Kronprins Haakon vart mottekne av ledande domkyrkjeprest Elisabeth Thorsen, Gardesjef oberstløytnant Vegard Flom og gardeprest major Kenneth Henriksen.

Kong Harald og Kronprins Haakon kjem til Kyrkjeparaden. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpixKong Harald og Kronprins Haakon kjem til Kyrkjeparaden. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Ledande domkyrkje prest Elisabeth Thorsen ønskte alle velkomne etter kaptein Christian S. Kjeldal sine minneord over dei falne. Dagens preike var ved gardeprest major Kenneth Henriksen, og Gardens musikkorps danna ei stemningsfull ramme om det heile med verk som "Silent Night" og "Cantique de Noël»  

Kyrkjeparaden vart tradisjonen tru avslutta med Fedrelandssalmen, Kongeønsket og Herrens Velsigning. 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook