Kongen følgde NM på ski
Hans Majestet Kong Harald har følgt NM på ski i helga. Som så mange gonger tidlegare har Kongen heia fram etablerte og kommande skitalent og teke imot vinnarane på kongetribunen.
Denne gongen gjekk noregsmeisterskapet i Meråker, som fekk sitt første kongebesøk i høve meisterskapet.
Kong Harald kjem til NM på Meråker. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
I dag vart meisterskapet avslutta med stafettane for damer og herrar. Kongen kunne gratulerere søstrene Silje, Astrid og Kari Slind med gull for Oppdal IL framfor Nes og Heming.
Silje, Astrid og Kari Slind på toppen av pallen etter lagstafetten. Nes-laget Amalie Håkonsen Ous og søstrene Tiril og Lotta Udnes Weng fekk sølv, mens Marion Rønning Huber, Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Fanny Horn Birkeland frå Heming tok bronsen. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
På herresida gjekk Oslo-laget Lyn av med sigeren framfor Røa og Asker Skiklubb. Simen Hegstad Krüger gjekk ankeretappen etter grunnarbeid frå Johan Tjelle og Hans Christer Holund.
Simen Hegstad Krüger frå Lyn gjekk først i mål under lagstafetten i Meråker. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
Laurdag tok Kong Harald imot Therese Johaug og Emil Iversen på kongetribunen som noregesmeistrar på høvesvis 15 og 30 kilometer skiathlon.
Kong Harald og Therese Johaug etter sigeren på 15 km skiathlon. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Hans Christer Holund (t.v.), Martin Johnsrud Sundby, Johannes Høsflot Klæbo og Pål Golberg (t.h.) under skiathlon for menn. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
No er VM i Seefeld det neste store målet for langrennsløparane, med startskot 20. februar. Både Kong Harald og Hennar Majestet Dronninga vil vere til stades for å heie fram dei norske utøvarane.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.