Hopp til hovedinnhold

Eventyrleg norsk innsats i Seefeld

Kongeparet avslutta opphaldet sitt i Seefeld under VM på ski med å følgje herrestafetten i dag. Etter 17 av 22 øvingar leier Noreg medaljestatistikken med heile 19 medaljar totalt.

01.03.2019

Hans Majestet Kong Harald og Hennar Majestet Dronning Sonja kunne glede seg over jamt medaljedryss over norske utøvarar i meisterskapet i Austerrike.

Kongeparet følgjer spent med på laghopp for kvinner. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpixKongeparet følgjer spent med på laghopp for kvinner. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Skapte historie

Tysdag starta Kongeparet programmet med å følgje 10 kilometer intervallstart i klassisk stil for kvinner. Det vart gull til Therese Johaug og bronse til Ingvild Flugstad Østberg.

Same dag skapte dei norske hoppjentene historie med bronse i tidenes første VM-laghopp for kvinner.

Maren Lundby og dei andre norske hoppjentene tok bronse i historias første VM-laghopp for kvinner. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpixMaren Lundby og dei andre norske hoppjentene tok bronse i historias første VM-laghopp for kvinner. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Silje Opseth, Ingebjørg Saglien Bråten, Anna Odine Strøm og Maren Lundby møtte Kongeparet etter prestasjonen i det historiske hopprennet. Tyskland og Austerrike tok gull og sølv. 

Kong Harald og Dronning Sonja åt middag med fleire av dei norske VM-utøvarane i Seefeld tysdag kveld. Foto: Claes-Tommy Herland / Norges Skiforbund / NTB scanpixKong Harald og Dronning Sonja åt middag med fleire av dei norske VM-utøvarane i Seefeld tysdag kveld. Foto: Claes-Tommy Herland / Norges Skiforbund / NTB scanpix

Etterlengta gull

Ein rørt Martin Johnsrud Sundby møtte Kongeparet onsdag etter sitt første individuelle meisterskapsgull etter sigeren i 15-kilometeren for menn. Med litt over 2 sekund vann han over russiske Alexander Bessmertnykh og tok heim VM-gullet.

Martin Johnsrud Sundby møtte Kongeparet etter at han vart verdsmeister på 15 kilometer. Foto: Tore Meek / NTB scanpixMartin Johnsrud Sundby møtte Kongeparet etter at han vart verdsmeister på 15 kilometer. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Storfavoritten Maren Lundby kunne glede seg over både ein medalje i bronse og gull etter sigeren i hopp, normalbakke. Stafetten for kvinner på torsdag enda med sølv til Therese Johaug, Heidi Weng, Ingvild Flugstad Østberg og Astrid Uhrenholdt Jacobsen – bak Sverige, og Jarl Magnus Riiber vart verdsmeister i kombinert.

Jarl Magnus Riiber vart verdsmeister i kombinert. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpixJarl Magnus Riiber vart verdsmeister i kombinert. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Kongeparets program i VM-byen vart avslutta med herrestafetten fredag, der Johannes Klæbo gjekk inn til gull for Noreg.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook