Hopp til hovedinnhold

Ny mastergrad

Den Høgvørde Kronprins Haakon var til stades da ein ny mastergrad for leiarar i trus- og livssynssamfunn vart etablert i dag.

11.03.2019

Det er Universitetet i Oslo og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn som står bak det nye utdanningstilbodet, og den høgtidelige markeringa vart halden i Universitetets Gamle festsal i Oslo.

Brei semje

– Det er brei politisk semje om kor viktig det er å etablere eit utdanningstilbod for leiarar frå breidda av trus- og livssynssamfunn. Vi er veldig glade for at intensjonen i integreringsforliket og vedtaket i statsbudsjettet no blir følgde opp, sa forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, som talte under opninga.

Operasongar Gøril Songvoll underheldt under arrangementet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

– Ein god offentleg samtale får vi først når samfunnsaktørar deltek på like premissar. Ein viktig jobb er derfor å sørgje for relevante utdanningstilbod etter dei kvalitetskrava og standardane vi har.

Etableringa av masterprogrammet skal gje utdanning i trus- og livssynsbetening innan helsesektoren, Forsvaret og kriminalomsorga og gje deltakarane auka kompetanse som leiarar og aktørar i det norske samfunnet. Slik blir òg føresetnadene for ei meir aktiv samfunnsdeltaking styrkte.

Opningsseremoni

Sjølve opninga av mastergradsstudiet stod rektor ved Universitetet i Oslo Svein Stølen for. I tillegg til statsråden inntok både generalsekretæren for Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Ingrid Rosendorf Joys, dekan Aud V. Tønnessen ved Det teologiske fakultetet og ordførar i Oslo Marianne Borgen talarstolen. 

Operasongar Gøril Songvoll og pianist Dorina Komai stod for dei kunstnarlege innslaga.

Opningsseremonien vart avslutta med to akademiske innlegg ved professor Ataullah Siddiqui frå Markfield Institute of Higher Education i Storbritannia og professor Su Yon Pak frå Union Theological Seminary i New York. Etter innlegga hadde dei to professorane ein kort panelsamtale leidd av førsteamanuensis Anne Hege Grung ved Universitetets teologiske fakultet.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook