Hopp til hovedinnhold

Gjekk Riddarrennet

Prinsesse Märtha Louise var følgje for ti år gamle Helena Grinaker Paulsen frå Skogbygda i Akershus under årets Riddarrenn på Beitostølen.

30.03.2019

I dag vart Riddarveka avslutta med det tradisjonsrike Riddarrennet på Beitostølen. 500 deltakarar med syns- og rørslehemning deltok under årets renn – det 56. i rekkja sidan Kong Olav opna det aller første i 1964.

Prinsesse Märtha Louise er Riddarrennets høge beskyttar og har vore følgje under fleire renn tidlegare. I år gjekk ho saman med 10 år gamle Helena, som måtte amputere beina etter ei ulykke i 2010.

Prinsesse Märtha Louise og Helena Grinaker Paulsen gjekk Riddarrennet saman. Foto: Ivar Ødegaard

Prinsessa heldt òg tale ved opninga av rennet. Ho peika på korleis Riddarveka og -rennet både er ein arena for inkludering og ein arena for meistring. Og meistring på eitt område kan òg gje meistring på eit anna. Det er er avgjerande for utviklinga av eige potensial, helsa vår, for livskvaliteten og for samfunnet, sa Prinsessa.

Prinsesse Märtha Louise løfta òg fram det store dugnadsarbeidet som ligg til grunn for arrangementet:
– Dugnaden skaper eit spesielt samhald, han bryt ned barrierar og gjev auka forståing for ulike utfordringar medmenneska våre har. Og det meiner eg er eit vesentleg bidrag til gjere samfunnet vårt varmare og meir inkluderande.

Etter rennet delte Prinsessa ut medaljar i målområdet. Det gjorde òg statsminister Erna Solberg, og helseminister Bent Høie var med blant følgja under årets renn.

Prinsesse Märtha Louise var følgje for Helena Grinaker Paulsen. Foto: Bjørnar Smestad / NTB scanpix

Står sterkt

– Riddarrennet er avslutningsarrangementet på Riddarveka, som er verdas største årlege vinteridrettsarrangement for funksjonshemma. Riddarrennet står sterkt i Noreg, og vi er veldig glade for det gode samarbeidet vi har med styresmaktene, næringslivet og frivilligheita, fortel styreleiar Håkon Gisholt.

Det var eldsjela Erling Stordahl som tok initiativet til Riddarrennet i 1964. Riddarveka har utvikla seg til ei nasjonal og internasjonal storhending med aktivitetar som snowboard, alpint, skiskyting og langrenn, i tillegg til kultur og sosiale arrangement. Alt går føre seg på Beitostølen i Valdres. Stordahl mista synet da han var 14 år gammal, og han la ned eit betydeleg arbeid for blinde og andre funksjonshemma.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook