Oslo Børs er 200 år
Kristiania Børs opna dørene for første gong 15. april 1819. Hans Majestet Kong Harald var til stades da Børsen markerte 200-årsjubileet sitt torsdag kveld.
Kong Carl Johan sanksjonerte den første børslova 8. september 1818, og Børsen opna i april året etter. Torsdag feira Finans-Norge det store jubileet i Oslo rådhus, der ordførar Marianne Borgen ønskte velkommen til bords.
Kong Harald var til stades under festmiddagen – slik Kong Haakon VII var til stades da 100-årsdagen vart markert i 1919. Statsminister Erna Solberg deltok òg under middagen, som samla store delar av dei fremste investorane og næringslivstoppane i landet.
Kong Harald blir ønskt velkommen av styreleiar i Oslo Børs Catharina Hellerud og børsdirektør Bente A. Landsnes. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Jubileumsbok
Jubileet blir òg feira med ei bokutgjeving. Børsen : Markedsplass og møteplass 1819–2019 fortel om utviklinga av Oslo Børs frå handelsbørs og møteplass der næringsdrivande kunne diskutere forretningar og inngå avtalar, til ein sentral aktør i eit moderne finansliv. Det blir uvegerleg òg ei reise i Noregs økonomiske historie.
I 1829 flytta Børsen inn i sitt eige bygg. No er det pynta med banner til 200-årsjubileet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.