Hopp til hovedinnhold

Kongen i Skiptvet og Marker

Hans Majestet Kongen ønskjer å besøkje alle kommunane i Noreg. I dag gjekk turen til Skiptvet og Marker i Østfold, der barn og unges oppvekstvilkår, natur og miljø stod sentralt på programmet.

30.04.2019

Landbrukskommunen Skiptvet var første stopp.

Velkomst i Skiptvet

Besøket i Skiptvet starta i Lindormen barnehage, der godt over hundre barn frå fire barnehagar var samla med flagg for å syngje Kongen velkommen.

Seks år gamle Chourouk Hamid gav Kong Harald blomster da han kom til Lindormen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Kong Harald fekk høyre litt om barnehagen og vassprosjektet dei har, han tok plass i den flotte Kongestolen ute på leikeplassen. To frå kvar av barnehagane hadde pynta ein eigen stol Kongen kunne sitje i under besøket. 

Barn med miljøengasjement

Oppvekstsjef Johan Søfteland ønskte velkommen til eit program der ein hadde lagt vekt på miljøutfordringane vi står overfor. Barna stemte i Blekkulf-songen "Vannvittig" og deltok ivrig i dramadialogen "Vannvittig og Brutus". Fire barnehagebarn og fire elevar frå Kyrkjelund skole presenterte også miljøprosjekt med plakatar.

Kultur og idrett på bygdetunet

På bygdetunet fekk Kong Harald oppleve både sportsprestasjonar, musikk og teater. 

I 2014 vart no 19 år gamle Ingveig Håkonsen tidenes yngste noregsmeister i motorsporten trial. I dag viste den firedoble meisteren kunstane sine for Kongen. Kong Harald fekk også sjå handball og karate under besøket. 

Trialkøyraren Ingveig Håkonsen viser ferdighetene sine for Kong Harald. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Lars Sæther var konferansier for det kulturelle programmet og kunne blant anna introdusere Skiptvets vinnarkor frå "Det siste kommuneslaget". Kor og orkester framførte Seasons of love og The Greatest Show. Songane tek for seg rausheit og tilhøyrsle for alle uansett kven du er og kva du kjem frå – ein tematikk som er viktig for koret.

Det lokale birøktarlaget baud Kongen på honning. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Eit innslag frå Nes lenseteater avslutta arrangementet på tunet. Lenseteaterets formål er å lage gode teaterframsyningar baserte på historier frå miljøet rundt det som ein gong var Skiptvets største arbeidsplass: Nes tømmersorteringslense. Det finst mange særeigne historier frå denne flytande arbeidsplassen. I dag fekk Kong Harald sjå "Skuddår smeller ikke" av Kristin Lyhman, der handlinga var lagd til Skiptvet under andre verdskrig. 

Besøket til Skiptvet vart avslutta med ein smak på lokale retter som gjeddekaker og elgpaté. Det vanka òg honning frå det lokale birøktarlaget, og bygdekvinnelaget hadde bakt flatbrød. 

Ørje i Marker

På Ørje i Marker gjekk det heile for seg ved Kanalmuseet, der bilen til Kongen stansa ved kongetrappea til dampskipet Turisten. Trappa vart brukt av Kong Haakon VII da han besøkte Ørje Brug for heile 110 år sidan. I dag fekk Kongen ei orientering om miljøet rundt dei gamle dampskipa Turisten og Engebret Soot.

Kong Harald fekk høyre om dampskipsmiljøet i Ørje. DS Turisten ligg fortøydd i bakgrunnen. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Vasskvalitet

Lars Selbekk og Steinar Fundingsrud orientere om arbeidet som blir gjort for å betre vasskvaliteten i Haldenvassdraget. Elevar ved Marker skole viste Kong Harald resultatet av eit elevprosjekt dei har gjennomført, og inne i Kanalmuseet kunne Kongen møte elevar som studerte prøver frå vassdraget.

Ungdom i arbeid med mikroskop på Haldenvassdragets Kanalmuseum. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Besøket til Marker kommune vart avslutta med ein smak på lokale spesialitetar og ei orientering om korleis natur og kultur kan vere grunnlaget for verdiskaping i eit lokalsamfunn som Ørje.

Kongen avslutta besøket med å helse på nokre av dei mange barna som var møtte fram.

 Mange barn var møtte fram for å helse på Kongen i Marker. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook