Hopp til hovedinnhold

Eit hav i endring

Ocean Week blir arrangert i Trondheim og Ålesund denne veka. I dag besøkte Hans Majestet Kongen konferansen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim.

07.05.2019

Konferansen er ein viktig møteplass for alle som bryr seg om havet, og "Hav i endring" er temaet for årets konferanse. Ocean Week samlar næringsliv, forskarar, studentar, politikarar og ambassadørar til foredrag og seminar om siste nytt innan havromsvitskap og teknologi. 

Kva for eit ansvar og kva for nokre moglegheiter gjev eit hav i endring? Det er viktige spørsmål fleire foredragshaldarar vil prøve å svare på. 

Kong Harald vart følgd av professor Ingrid Schjølberg under besøket. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Berekraftig hav

Kong Harald fekk med seg to av innlegga på dagens program. Professor Ingrid Schjølberg leier NTNUs strategiske satsing på hav og er prosjektleiar for Ocean Week. Ho heldt plenumsforedrag om teknologi for berekraftig bruk av hava. Statssekretær Allan Ellingsen i Samferdsledepartementet fortalde om regjeringas strategi for berekraftig transport til sjøs. Kongen følgde òg ein kort paneldebatt rundt forsking og utdanning for felles internasjonal innsats for eit berekraftig hav.

Etter foredraga og paneldebatten fekk Kongen ei omvising med eksempel på berekraftige nyvinningar innan havteknologi.

Studentar fortalde Kong Harald om prosjektet sitt: ein båt med venger som dei skal delta i konkurransen Hydrocontest med. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Studentar presenterte

Studentar ved NTNU er aktive deltakarar under Ocean Week. Maria Digernes og Brage Sæther studerer høvesvis kjemi og kybernetikk og var blant dei som la fram sine prosjekt for Kongen under ei omvising blant standane på konferanseområdet. 

Kong Harald fekk blant anna høyre om den førarlause ferja MilliAmpere som kan bli ei erstatning for dyre gangbruer over elvar og kanalar. Prototypen på den vesle elektriske ferja kan ta 12 personar, og uttestinga har gått for fullt i Trondheim det siste året.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook