Markerte Frigjeringsdagen
Hans Majestet Kong Harald markerte Frigjeringsdagen og Forsvarets Veterandag i dag. Han la ned krans til minne om dei som har falle i teneste for Noreg.
Seremonien vart halden på Akershus festning i Oslo, der Kongen inspiserte ei honnøravdeling frå Forsvaret før han la ned krans ved Nasjonalmonumentet. Fleire F-16 jagerfly gjorde ein overflyging over festningsområdet kort tid etter at Kong Harald kom dit.
Kong Harald la ned krans til minne om dei som har falle for Noreg. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Utmerkingar
Det er tradisjon å tildele medaljar for innsats i militære operasjonar under det årlege arrangementet på Akershus festning. I år vart 16 soldatar dekorerte for sin innsats. Medaljane som er tildelte i år, er St. Olavs medalje med eikegrein, Krigsmedaljen, Forsvarets medalje for edel dåd og Forsvarets innsatsmedalje. Kongen gratulerte mottakarane etter medaljeseremonien.
Kongen markerte Frigjeringsdagen og Forsvarets Veterandag på Akershus festning. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix
Stortingspresident og statsminister
Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen, statsminister Erna Solberg, statsråd Frank Bakke-Jensen og forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hansen var også til stades under seremonien på Akershus, og det var statsministeren som heldt Talen for dagen. Major Asbjørn Olav Karlsvik heldt «Soldatenes tale».
Markeringa av Frigjeringsdagen vart avslutta med Fedrelandssalmen.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.