Hopp til hovedinnhold

Business for Peace Award 2019

"Næringslivets fredspris" – the Business for Peace Award – vart delt ut i Oslo rådhus onsdag kveld. Den Høgvørde Kronprinsen var til stades under  seremonien.

16.05.2019

Oslo Business for Peace arbeider for eit næringsliv der bedriftene bidreg til å løyse problem verda står overfor – for eksempel på område som klima og miljø, fattigdom, helse og utdanning. 

Den årlege konferansen Business for Peace Summit samlar mellom 150 og 200 deltakarar. Utdelinga av Business for Peace Award er høgdepunktet under samlinga.  

Prisvinnarar

Utmerkinga Business for Peace Award blir delt ut til næringslivsleiarar som driv etisk verdiskaping på ein måte som òg skaper verdi for samfunnet omkring. Det er ein internasjonal pris der vinnarane blir valde av eit særdeles distingvert panel av tidlegare mottakarar av Nobels fredspris eller nobelprisen i økonomi.

Per L. Saxegaard, grunnleggjar av Business for Peace, seier:

"Årets mottakarar har arbeidd utrøytteleg mot ulikskap, for inkludering og demokratisering av tilgangen på helse, bistand og arbeid. Gjennom verksemdene sine fremjar dei menneskerettar, bidreg til fred og skaper miljø der menneske kan utfalde seg og nå potensialet sitt".

Slik presenterer Oslo Business for Peace årets prismottakere (engelsk). Cop. Business for Peace.

Årets mottakarar er:

  • Agbor  Ashumanyi  Ako, GiftedMom (Kamerun)
    GiftedMom er ei digital helseplattform som gjev gravide kvinner og mødrer i Afrika tilgang på grunnleggjande helseinformasjon og -omsorg. I dag har appen over 170 000 brukarar, og selskapet har som mål å nå ti millionar kvinner i løpet av dei neste ti åra. Systemet har ført til ei klar betring i oppmøtet til kontroll og vaksinering og har som endeleg mål ei verd der ingen gravide eller spedbarn døyr av sjukdom som kunne vore forhindra.

  • Alice Laugher, Committed  to Good
    Commited to Good driftar ebolaklinikkar i Liberia, matdistribusjon i Afghanistan og Sør-Sudan, flyktninghjelp i Libya. Dei bidreg med arbeid og logistikk over eit breitt spekter av tiltak i ulike delar av verda, og Laugher fremjar FNs berekraftsmål med særleg fokus på likestilling. Committed to Good skaper økonomiske moglegheiter for kvinner i krigsherja område. 

  • Hamdi  Ulukaya, Chobani (USA)
    Chobani leverer gresk yoghurt på den amerikanske marknaden. Selskapet har over 2000 tilsette i USA, og 30 % av dei er tidlegare immigrantar og flyktningar. Ulukaya har skapt ein bedriftskultur der alle er velkomne og har sjansen til å utfalde seg, med innovative løysingar for del i overskot og foreldrepermisjon. Internasjonalt har han ivra for at privat sektor skal bidra meir til handteringa av den globale flyktningkrisa. 

"Denne nye måten å drive på – der bedrifter fokuserer på menneske og ikkje berre profitt, og prøver å gjere verda litt betre – burde stå i sentrum for alle moderne selskap. Som næringslivsleiarar treng vi ikkje å ha meir, men å gjere meir. Når vi ser urettferd, må vi seie frå. Når vi har verktøy og ressursar til å løyse problem, må vi bruke dei", seier Hamdi Ulukaya.

Kjelde: Business for Peace

Kronprins Haakon ønskjer Hamdi og Louise Ulukaya velkommen til Skaugum. Hamdi Ulukaya er leiar av det tyrkiske selskapet Chobani og ein av årets mottakarar av Oslo Business for Peace Award. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Middag på Skaugum

I fleire år har deltakarar og prisvinnarar frå Business for Peace vorte inviterte til heimen til Kronprinsparet, Skaugum, i løpet av konferansen. Årets middag vart halden tysdag, og Kronprinsen ønskte gjestene velkommen. 

 

Slik presenterer Oslo Business for Peace årets prismottakere (engelsk). Cop. Business for Peace.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook