Festspelutstillinga opna i dag
Mari Slaattelid er årets festspelutstillar. Hennar Majestet Dronninga var til stades da utstillinga "Kystverket" opna i Bergen Kunsthall i dag.
Det er eit tradisjonsrikt og prestisjefylt oppdrag å bli vald ut som festspelutstillar. Kvart år heilt tilbake til 1953 har ein norsk kunstnar fått høve til å vise fram arbeida sine på denne måten under Festspela i Bergen.
Nye arbeid
Utstillinga "Kystverket" består av nesten berre nye arbeid, produserte spesielt for utstillinga.
Tittelen speglar det berande motivet i mange av dei nye måleria: eit kystlandskap med ei lanterne / eit sjømerke, og – i silhuett mot himmelen – ein operatør som justerer lyssignalet. Kanskje er dette ein stadspesifikk respons på utstillingsoppdraget i kystbyen Bergen.
Dronning Sonja fekk ei omvising i utstillinga i dag, i følgje med kunstnaren sjølv, styreleiar Espen Galtung Døsvik og direktør Axel Wieder frå Bergen Kunsthall. Det er Axel Wieder som har kuratert utstillinga saman med Steinar Sekkingstad.
Kjelde: Festspela i Bergen / Bergen Kunsthall
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.