Hopp til hovedinnhold

Fylkestur til Hordaland

I dag starta Hans Majestete Kongen og Hennar Majestet Dronninga på årets fylkestur. Fem kommunar i Hordaland skal få besøk, og i dag tidleg gjekk Kongeparet i land i Jondal.

18.06.2019

Kongen og Dronninga nyttar Kongeskipet Norge som base under reisa, og frå Norge tok sjaluppen dei inn til småbåthamna i Jondal sentrum. Der venta 2.-klassingene Jarand og Julia med blomster. 

Jarand Selsvik og Julia Lothe Midthun ønskte Kongeparet velkommen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

På Juklafjord friluftsområde var det mogleg å besøkje buer som gav innblikk i både lokal matproduksjon, båtbygging og reiselivet i Jondal. Kong Harald og Dronning Sonja fekk smake lefse og sjå nærare på ein "kyrkjebåt", som Sverre Haugen kunne fortelje meir om. 

Jondal er ein viktig innfallsport for besøkjande til Folgefonna nasjonalpark og den store isbreen. Dronning Sonja kunne peike ut ei rekkje stader ho sjølv har besøkt, på ein modell over området.

Dronning Sonja har besøkt området ei rekkje gonger og kunne peike ut mange kjende stader på modellen over Folgefonna. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Det var førebudd eit fint kulturprogram for Kongeparet. Etter velkomsttale frå ordførar Jon Larsgard underheldt elevar frå Jondal skole med både korsong, band, dans og opplesing. Dronninga heldt den første talen på fylkesturen, der ho takka for den varme velkomsten og rosa den vakre innseglinga gjennom Hardangerfjorden dei hadde opplevd med Kongeskipet:

– Desse unike omgjevnadene er jo for mange menneske sjølve biletet på landet vårt. Og det er lett å forstå – særleg etter innseglinga vår i Hardangerfjorden med Kongeskipet i dag tidleg.

Elevar frå Jondal skole underheldt med dans og musikk. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Dronning Sonja hadde òg historier å fortelje frå sine eigne turar til Folgefonna og området omkring. Det er mange som besøkjer nasjonalparken, som er ein viktig del av næringsgrunnlaget i Jondal. Dronninga peika på ansvaret for å verne om ressursane:

– Effekten av å vere del av ei større verd blir ein òg mint om gjennom klimaendringane. Vi merkar det alle – blant anna ved at isbreane våre, som Folgefonna, smeltar. At vi òg opplever endringane gjennom auka ras- og flaumfare, understrekar det felles ansvaret vi har for å ta vare på ressursgrunnlaget vi skal leve av også inn i framtida, sa Dronninga.          

Vi samlar bilete frå fylkesturen i eit eige fotoalbum

Vidare til Odda

Odda Musikklag spelte "Norge i rødt, hvitt og blått" da Kongen og Dronninga gjekk i land i Odda i ettermiddag.

Kongeparet går i land i Odda. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

På vandring i gågata fekk Kongeparet vite meir om både Skare og Røldal, turoperatøren Trolltunga Active og Tyssedal med Kraftmuseet der. 

I Almerkeparken var det rigga til folkefest med talar og song, og ordførar Roald Aga Haug ønskte velkommen. Forfattaren Frode Grytten voks opp i Odda og tek ofte utgangspunkt i miljøet der i bøkene sine. Grytten las ein hyllest til Odda, før Kongen sjølv inntok talarstolen. 

– Det er ikkje så lett å gå på talarstolen etter ein forfattar av hans kaliber. Det fell meg derfor lett å sitere han med dei betryggande orda: "Når ein startar med høgdepunktet, kan det berre gå éin veg", spøkte Kong Harald. 

 Dronning Sonja fekk ein ordentleg god klem. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Barnekoret frå Kulturskolen – med bistand frå Tyssedalkoret – song Kongesongen etter talen.

Flaumsikring

Odda vart ramma av flaum i 2014. På Hjøllobrua fekk Kongen og Dronninga møte familien Granheim, som mista huset sitt til vassmassane den gangen. Kong Harald løfta fram hendinga spesielt i talen sin:

– De vart hardt ramma i 2014. Dronninga og eg følte djupt med dykk da det stod på som verst. Vi beundra motet og måten dykkar å takle motgangen på. Det å leie redningsarbeidet mens ein sjølv står og ser på at eins eige hus kollapsar og seglar av garde, det krev stor styrke. Og denne styrken hadde sivilforsvarssjef Knut Granheim den forferdelege dagen i oktober 2014. Han – og mange med han – fortener heider for tapper innsats.

Kongeparet fekk høyre om den store flaumen i 2014. Familien Granheim mista huset sitt til vassmassane. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Kongeparet fekk høyre om den dramatiske dagen – og om arbeidet for å sikre byen mot ny flaum i elva Opo.

Middag i kraftverket

I kveld skal Kongeparet ete middag i Tyssedal kraftverk. Arkitektane henta inspirasjon frå katedralar i Italia da dei teikna det imponerande bygget ved Sørfjorden, kunne Kong Harald fortelje i ettermiddag.

I morgon held reisa fram til kommunane Granvin og Ulvik.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook