Hopp til hovedinnhold

Kongeparet i Granvin og Ulvik

Andre dag av Kongeparets fylkestur til Hordaland utspelte seg i Granvin og Ulvik i Hardanger. Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga gjekk i land på Granvin gjestebryggje i dag tidleg.

19.06.2019

Frå bryggja bar det til Granvin bygdetun, der det var gjort i stand til folkefest i høve besøket. 

Kongesjaluppen på veg mot kai i Granvin. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Besøk i Granvin

Fleire buer gav Kongeparet sjansen til å bli betre kjende med menneske og organisasjonar i Granvin. Her møtte dei Granvin Ungdomsråd i tillegg til både turlaget, skyttarlaget og handbaklaget. Granvin bondelag og husflidslag var òg representert, saman med det allsidige gardsbruket Larsastova, Moelven Granvin bruk og nærbutikken.

Granvin handbaklag demonstrerer sine ferdigheiter for Kongeparet. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Folkemusikken og hardingfela står sterkt i Granvin, og det fekk Kongeparet erfare på bygdetunet. Alexander Aga Røynstrand fortalde om historia til folkemusikken i Granvin i tillegg til å sjølv traktere hardingfela i samspel med Rannveig Djønne på toradar. 

Kongen og Dronninga fekk òg gleda av å høyre Knut Hamre spele. Hamre vart utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden i 2017 for den store innsatsen sin for norsk folkemusikk.

– Det er fantastisk at de har klart å halde folkemusikken – og særleg hardingfela – levande her i Granvin. Nye spelemenn og -kvinner kjem stadig til! Der dei beste kreftene innan eit bestemt fag, ein kunstart eller eit handverk samlar seg, der blir det skapt eit kraftsentrum – eit levande akademi, som Granvins eigen diktar Ruth Lillegraven skildrar, sa Dronninga i talen sin på bygdetunet i føremiddag.

Knut Hamre speler for Kongeparet. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Kongen og Dronninga fekk òg høve til å besøkje Havaas-samlinga, der Magne Røynstrand gav dei ei innføring i arbeidet til Johan Havaas (1864–1956). Han reiste omkring i landet, registrerte og samla ei stor mengd mose, lav og parasittsoppar. Den langt på veg sjølvlærte botanikaren lærte seg òg fem språk for å kunne kommunisere med utanlandske forskarar. I 1935 vart han tildelt Kongens fortenestmedalje i gull for det vitskaplege arbeidet sitt.

I dag er delar av samlinga hans å finne ved bygdetunet i heimbygda Granvin.

Kongeparet forlèt Havaas-samlinga etter eit besøk blant arbeida til den sjølvlærte botanikaren. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix  

Vidare til Ulvik

– "Det er den draumen" – det å segle inn Ulvikafjorden i dag etter å ha passert den vakre Hardangerbrua, vere omgjeven av utsynet til dei steile fjella, komme inst i fjorden, hit til Ulviks frodige eplehagar og skode oppover mot fjella – det er litt av ein måte å komme hit på!

Kong Harald siterte Olav H. Hauge da han talte i Ulvik. Den store diktaren var "heimføding" her. Hauge var òg fruktbonde, og nettopp fruktdyrking er det nok mange som knyter til Ulvik og Hardanger. 

Kongeparet køyrde den såkalla "frukt- og siderruta" til Hjeltnes Gartnarskule, der folk i Ulvik var samla til fest i høve besøket. Der fekk òg Kongen og Dronninga høyre meir om denne tradisjonsrike næringa.

Sideren frå Hardanger er velkjend og ein viktig næringsveg i Ulvik. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

– Landbruk og fruktdyrking, siderproduksjon og turisme skaper eit godt grunnlag for å bu og leve i Ulvik – som mange stader langs fjorden. Det ser ein med ein gong ein kjem hit, og vi fekk sjå det på nært hald da vi køyrde frukt- og siderruta, sa Kongen. – I det moderne landbruket i Ulvik har siderproduksjon skapt grunnlag for vidare drift på gardar som elles kanskje ville ha vorte for små til tradisjonell gardsdrift. Dette vitnar om kreativitet og evne til å tenkje nytt.

Kongeparet fekk sjå eit flott kulturprogram i Ulvik, der både Kulturskolen og Haugesenteret opptredde. Foto: Tom Hansen, Hansenfoto.no

Hjelnes Gartnarskule har den einaste utdanninga i landet for arboristar – trepleiarar. Ein av dei var kunnig til stades da Dronning Sonja planta eit eiketre til minne om besøket i ettermiddag. [Dronning Sonja planta eit eiketre på Hjeltnes. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Reisa held fram

I kveld et Kongen og Dronninga middag på Brakanes hotell, før dei vender tilbake til Kongeskipet. I morgon ventar den siste etappen på fylkesturen. Da forlèt Kongeparet Hardanger og set kursen for Askøy.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook