Kongeparet besøkte Askøy
Tredje og siste dag av fylkesturen til Hordaland besøkte Kongeparet Askøy. Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga vart ønskte velkommen av eit stort felles skolekorps da dei gjekk i land i Herdla småbåthamn.
Kongeparet vart mottekne av ordførar Terje Mathiassen og politimeister Kaare Songstad da dei kom til bryggja i sjalupp.
Kongeparet blir ønskt velkommen av dei mange frammøte askøyværingane ved Herdla fort på Askøy. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Deretter gjekk turen vidare til Herdla museum, der Kongen og Dronninga først fekk ei orientering om vassboren smitte og vassaka som har ramma kommunen. Her fekk dei møte og høyre frå helsepersonell, berørte og kommunens representantar.
Kongen og Dronninga fekk ei orientering om vassboren smitte av kultursjef Gunnar Brynjulfsen, som sjølv vart ramma, fagsjef samfunnsmedisin Ami Bruvik Næss, vass- og avløpssjef Anton Bøe, varaordførar Bård Espelid og ordførar Terje Mathiassen. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
– Dronninga og eg besøkjer dykk under svært spesielle omstende. Å ikkje ha reint drikkevatn er noko av det mest alvorlege vi som enkeltpersonar og som fellesskap kan oppleve. Krisa de har vore gjennom og opplever no, set eit heilt samfunn på prøve, sa Kongen i talen sin til dei mange frammøte askøyværingane ute ved Herdla fort.
Kongen taler på Askøy. Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
Historie, kultur og natur
Strusshavn skolekor framførte Askøysongen for Kongen og Dronninga, før historikaren Erling Virkesdal fortalde om Herdlas historie.
Herdla er ei øy nord i kommunen, kjend for sitt rike fugleliv og eit naturreservat som omfattar Herdlevalen og lange rullesteinsstrender.
– Askøy er ein viktig del av kystkulturen på Vestlandet. Strilane har gjennom hundreåra prega vår nasjonale historie og litteratur. Identiteten som stril har endra seg gjennom tidene. Det er nok heldigvis eit godt stykke mellom Amalie Skrams hellemyrsfolk og dagens innbyggjarar på kysten i det moderne Hordaland, sa Kongen i talen.
Kongeparet fekk sjå fleire spennande kulturinnslag. Fleire fargar er eit kulturtilbod for barn og unge på Askøy som kombinerer song, dans og musikk frå ulike kulturar. Kongeparet fekk sjå eit utdrag frå framsyninga. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Artisten Berit Håpoldøy framførte visa om «Dei Zee plog» – eit nederlandsk skip som i 1817 la ut frå Amsterdam med kurs mot Amerika med nær 600 tyske emigrantar om bord. I Nordsjøen kom skipet ut i sterk storm, og masta vart brekt. Skipet kom ut av kurs og dreiv i Nordsjøen, inntil det kom inn til garden Skjellanger ved Herdla. Fleire av emigrantane slo seg ned i bergensområdet.
Avslutningsvis fekk Kongeparet sjansen til å bli betre kjende med menneske og organisasjonar på Askøy. I buer ved Herdla Museum møtte dei blant andre Askøy Næringslivsforening, Miljøagentene, Frivillighetssentralen og Frisklivsentralen i Askøy.
Kongeparet møtte fleire av organisasjonane under besøket, deriblant Askøy Næringslivsforening. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker

Industribygda Glomfjord
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten besøkte denne uken Statkraft og deres kraftverk i Glomfjord.

Orientering om kunstig intelligens og valgpåvirkning
Kronprinsregenten fikk orientering om kunstig intelligens (KI) og hvordan teknologien kan påvirke valgprosesser. Niels Schia og Bente Kalsnes, medlemmer av regjeringens ekspertgruppe, presenterte hovedfunnene fra rapporten om KI og valgpåvirkning.