Kongens eigen serieseglas
Hans Majestet Kong Harald er til stades under "H.M. Kongens serieseilaser" som blir arrangert i Oslofjorden mellom 20. og 22. august. Kong Haakon VII tok initiativ til regattaen alt i 1919.
Konkurransen er open for klassane 11-meter, Drake, H-båt, Knarr, IF, Snipe og Express. Ei av oppgåvene til Kongen er å starte dei forskjellige klassane.
Historisk seglas
Kong Haakon VII tok initiativ til desse seglasane alt i 1919. Den gongen var konkurransen mynta på 22 kvm-klassen, ein type båt Kronprins Olav hadde fått til 15-årsdagen i 1918. Etter at Kong Haakon døydde i 1957, overtok Kong Olav hans rolle i arrangementet.
Kong Harald følgjer regattaen frå Kongebåten Stjernen. Foto: Christian Ruscetta, Kongelig Norsk Seilforening
Kong Harald har – med få unntak – vore til stades som regattasjef og dommar kvart år sidan Kong Olav vart sjuk og døydde i 1991. I Kongens fråvær har Kronprinsen steppa inn som vikar. Kongelig Norsk Seilforening står som arrangør av seglasane.
Aktuelle saker

For kvinners helse i 125 år
I dag markerer Norske Kvinners Sanitetsforening sin 125-årsdag. Hennes Kongelige Høyhet Kronprinsesse Mette-Marit sendte en digital hilsen til Sanitetskvinnene.

Møtte unge dyslektikere
Omtrent fem prosent har dysleksi, og like mange har dyskalkuli og spesifikke språkvansker. Fire unge med lærevansker fortalte i dag Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten om sine utfordringer.