Vinnaren er kåra
Den russiske barytonen Sergey Kaydalov gjekk sigrande ut av finalen i Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2019 fredag kveld. Hennar Majestet Dronninga overrekte sjølv prisen til vinnaren.
Seks talentfulle solistar stod på scenen under kveldens finale i Operaen i Bjørvika. Kaydalov overtydde med si tolking av Giuseppe Verdi og Pietro Mascagni og kunne ta imot premien på 50 000 euro og eit trykk signert Hennar Majestet.
Sergey Kaydalov framførte verk av Giuseppe Verdi og Pietro Mascagni i finalen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Dei andre finalistane var
- Meigui Zhang (sopran), Kina
- Natalia Tanasii (sopran), Moldova
- Adam Kutny (baryton), Polen (tredje plass)
- Stefan Astakhov (baryton), Tyskland (andre plass)
- Theodore Browne (tenor), Tyskland
Dronninga overrekkjer andreprisen til barytonen Stefan Astakhov. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Dronning Sonja med alle finalistane. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Ingrid Bjoners stipend til beste norske deltakar gjekk til Astrid Nordstad frå Trondheim – delt ut av juryleiar Annilese Miskimmon. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Heile den flotte finalen vart strømma direkte over facebooksidene til musikkprisen – i tillegg til direktesending på NRK radio og kanalens digitale flater.
Hjelper fram talent
Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse blir arrangert kvart andre år og i 2019 for femtande gong. Deltakarane er hovudsakleg nyutdanna songarar i starten på ein karriere innanfor opera og klassisk musikk. Målet for konkurransen er å hjelpe unge talent til ein framtidig karriere. Han er òg ein brubyggjar mellom norsk og internasjonalt musikkliv.
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.