Hopp til hovedinnhold

Kongen debarkerte "Norge"

I ettermiddag vart det sett punktum for årets sesong med Kongeskipet "Norge". Under oppstillinga på akterdekket takka Kong Harald mannskapa om bord for ein opplevingsrik sesong.

02.09.2019

Kongeskipet har hatt ein variert sesong langs den langstrekte kysten av Noreg. Under debarkeringa inspiserte Kong Harald skipet og takka mannskapet for ein flott sesong.

Skipet vart nytta både ved Kongeparets fylkestur til Hordaland i juni og da Kronprinsen besøkte Vega i juni.

Kongeskipet førte Dronning Sonja til Oscarsborg festning, der OscarsborgOperaen sette opp Aida i august. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffetKongeskipet førte Dronning Sonja til Oscarsborg festning, der OscarsborgOperaen sette opp Aida i august. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

"Norge" var òg i bruk ved fleire mindre, offisielle oppdrag, som da Hennar Majestet Dronning Sonja besøkte Nordland i juli, og under besøket til operaframsyninga på Oscarsborg festning utanfor Drøbak.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook