Kongeparet på besøk i Bø
Eit jubilerande kulturanlegg, grunnstein til studentbustader for Universitetet i Søraust-Noreg og tradisjonsrik bunadsproduksjon. Kongeparet fekk oppleve mykje da dei besøkte Bø i Telemark i dag.
Barn og unge bidrog til ein stor folkefest ved kulturanlegget, der Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga kom til tonane frå skulekorpset i bygda. Gullbring kulturanlegg feirar 25 år i år.
240 barn frå barnehagane i Bø og Sauherad kommunar opna kulturprogrammet med songen "Alle treng nokon", før to noregsmeistrar på hardingfele – Ingebjørg Bø og Ola Narverud – overtok saman med spelemann og felemakar Ottar Kåsa.
Kongeparet fekk blomster av Nora Forberg Jørum og Kristian Stadskleiv Forberg da dei kom. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Eldrid Lunden og Kristine Søgnen bidrog med diktlesing frå den store utandørsscenen. Midt-Telemark Allstars – ei gruppe sett saman av unge, etablerte musikarar med bakgrunn frå kulturskulane i Midt-Telemark – fortsette det kulturelle programmet for Kongeparet og dei mange frammøtte.
Kongeparet følgjer kulturprogrammet i Bø. T.h. ordførar i Bø Borgar Torbjørn Kaasa, t.v. fungerande fylkesmann i Vestfold og Telemark Hans Bakke. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Ein ny kommune
Utandørsprogrammet vart avslutta med avduking av den nye ordførarkjeda for Midt-Telemark kommune. Det er dei to kommunane Bø og Sauherad som går saman frå 1. januar 2020. Gullsmed Gunnbjørg Listog forklarte om symbolikken og den kunstnarlege utforminga av kjeda.
Med sykkel til Gullbring
Etter at dansarar frå kulturskulane i Bø runda av det heile med halling og breakdance, sette Kongen og Dronninga seg godt til rette i sykkelen som førte dei frå utandørsarenaen til hovudinngangen på Gullbring. Bø er ein sykkelby og har lagt stor vekt på bringe bygdas eldre rundt med persontransportsyklane.
Kongeparet med sykkeltransport i Bø, tett følgde av ordførar Borgar Torbjørn Kaasa (t.h.) og fungerande fylkesmann i Vestfold og Telemark Hans Bakke. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
I Framstugo fekk Kongeparet høve til å høyre meir om både musikken, friluftslivet og andre aktivitetar for unge i Bø.
Nye studentbustader
Frå Gullbring bar det til Universitetet i Søraust-Noreg, som har ein av campusane sine i Bø. Kong Harald la ned grunnsteinen for dei nye studentbustadene som skal byggjast. Her blir det både leilegheiter og hyblar rett ved universitetet. Student Marija Bliznac frå Forfattarstudiet framførte ein tekst som er laga spesielt for høvet.
Avslutta på tradisjonsbedrift
Kommunebesøket til Kongeparet vart avslutta hos bunadsbedrifta Almankås.
Hos Almankås fekk Kongeparet helse på tilsette i full gang med å sy nye telemarksbunader. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
Der fekk Kongen og Dronninga helse på fleire av dei tilsette som sat rundt sybordet i bedrifta, i full gang med nye bunader. Turen til den tradisjonsrike bunadsbedrifta avslutta Kongeparets besøk i Bø.
Aktuelle saker

Den samiske arven
I Hattfjelldal, Aarborte på sørsamisk, ble Deres Majesteter Kongen og Dronningen ønsket velkommen av barn og unge som sang og snakket på sørsamisk og norsk. I denne kommunen på Helgeland har samisk og norsk kultur eksistert side om side i generasjoner.

– Godt å være i Nord-Norge igjen
Deres Majesteter Kongen og Dronningen innledet i dag fylkesturen i Nordland. – Vi puster så fritt her i nord – hvor det er så mye hav, fjell og himmel. Og helt spesielt mange hyggelige mennesker, sa Kong Harald, som holdt turens første tale.