Markerte verdsdagen for psykisk helse
Den Høgvørde Kronprinsregenten besøkte Åsebråten barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk i Fredrikstad på verdsdagen for psykisk helse. Klinikken fyller 50 år i 2019.
Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk behandlar barn og ungdom med psykosar, alvorleg spiseforstyrring, traumeproblematikk eller tilstandar som er uavklarte. Det er einaste døgntilbod for planlagd behandling og utgreiing for barn og ungdom mellom 6 og 13 år i Østfold.
Kronprinsen vart ønskt velkommen til Fredrikstad av Åsebråten barnehage. Deretter fekk han ei orientering om klinikken, som fyller 50 år i 2019, av seksjonsleiar Roy Andersen.
Roy Andersen, seksjonsleiar ved Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk, orienterte om klinikken før han gav Kronprinsen ei omvising i fleire av temaromma. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
Kronprinsen fekk òg ei omvising på klinikken og høve til å snakke med barn, unge og familiane deira på Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk. Under omvisinga fekk Kronprinsen vere med på aktivitetar som blir brukte i det daglege på klinikken i ulike temarom. Her fekk han blant anna sjå korleis Åsebråten inkluderer familiane til pasientane i behandlinga gjennom blant anna fleirfamiliegrupper.
I pizzaverkstaden delte tolv år gamle Emilie si sterke historie om spiseforstyrringar og møte med behandlingstilbodet på Åsebråten barne- og ungdomspsykiatriske klinikk.
Etter ei omvising i dei mange temaromma ved klinikken med ulike aktivitetar fekk Kronprinsen i samtale med dei tilsette høyre meir om behandlingstilbodet. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet
I kantina møtte Kronprinsen fleire av dei tilsette. Programmet vart runda av med eit musikalsk innslag ved overlege Ingvild Aurebekk. Ho framførte ein song inspirert av inntrykk i pasientarbeidet.
Verdsdagen for psykisk helse
Verdsdagen for psykisk helse har vorte markert 10. oktober kvart år sidan 1992. Dagen blir koordinert av Mental Helse Noreg. Dagen skal styrkje kunnskapen og ei open haldning om psykisk helse og fremje gode levevanar.
Tema for markeringa i år er "Gi tid", og kampanjen oppmodar alle til å bruke tida på å gjere ting som er godt for den psykiske helsa.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.