Hopp til hovedinnhold

For ei verd utan miner

Det er 20 år sidan konvensjonen som forbyr produksjon, forbruk, lagring og eksport av antipersonellminer tredde i kraft. I dag talte Kronprinsen ved opninga av den fjerde tilsynskonferansen.

25.11.2019

I tillegg til å forby produksjon, forbruk, lagring og eksport av antipersonellminer har avtalen klare reglar om minerydding og økonomisk hjelp til mineoffer. 

Den Høgvørde Kronprinsen var til stades ved opninga av Minekonvensjonens fjerde tilsynskonferanse i Oslo rådhus i ettermiddag. Noreg var sterkt medverkande til at Minekonvensjonen vart vedteken i Oslo 18. september 1997, og har òg presidentskapet i Minekonvensjonen i år.

Kronprins Haakon taler under opninga av Minekonvensjonens fjerde tilsynskonferanse. Foto: Terje Bendiksby, NTB scanpix

Kronprins Haakon og utanriksminister Ine Eriksen Søreide heldt begge talar ved opninga av konferansen, som samla meir enn 600 personar frå heile verda. Salen fekk òg høyre historiene til to som overlevde. Selma Guso var åtte år da ho tråkka på ei landmine og mista det eine benet. Ho var på søndagsutflukt utanfor Sarajevo. Det var òg ei landmine som sette ein stoppar for Alex Munyambabazis draumar om å bli fotballspelar – no er han engasjert i kampen mot landminer. 

Kronprinsen understreka kor viktig dette arbeidet er ved at det både endrar kvardagen for menneske i tidlegare konfliktsoner og gjer sosial og økonomisk utvikling mogleg.

"Through courage, responsibility and persistence from several contributors, people’s everyday lives in former conflict zones are completely changed, and social and economic development is possible."

Fritt for landminer

Den 2. desember 2009 vart Rwanda det første landet som vart erklært fritt for landminer gjennom konvensjonen. Totalt har 33 land og eitt område (Taiwan) vorte erklært minefrie. 4,6 millionar antipersonellminer har vorte øydelagde, og meir enn 2 800 kvadratkilometer land har vorte rydda fritt for miner (kjelde: Norsk Folkehjelp).

Kronprinsen var til stades da Jordan vart erklært minefritt

Prins Mired av Jordan og Prinsesse Astrid av Belgia er spesialutsendingar i kampen mot landminer – på konferansen fortalde dei om engasjementet sitt. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet

Målet er ei minefri verd

Målet med konferansen i Oslo er å einast om ein ny handlingsplan for å auke den internasjonale innsatsen mot antipersonellminer. Dersom arbeidet med minerydding får dei nødvendige ressursane, vil langt fleire land kunne erklære seg minefrie i løpet av kort tid.

Noreg oppmodar regjeringar i mineramma land, FN og internasjonale hjelpeorganisasjonar om å styrkje menneska sitt vern mot slike våpen, som held fram med å lemleste og ta liv lenge etter at konfliktar er avslutta.

Det ambisiøse målet er ei verd utan landminer innan 2025.

Ein minerydder leitar etter miner langs grensa mot Syria, nordaust i Jordan. Jordan vart erklært minefritt i 2012 (Foto: Jamal Nasrallah / NTB scanpix)

Oppslutning om konvensjonen

I alt har 164 av landa i verda ratifisert avtalen. I tillegg har Minekonvensjonen vorte ei internasjonal norm som òg blir følgd av land som ikkje har underteikna han, blant anna USA og Russland.

Men det er berre statar som kan binde seg til avtalen – dermed ligg ikkje-statlege aktørar utanfor rekkjevidda til konvensjonen. Bruken av miner blant opprørsgrupper og geriljaer er eit vedvarande problem verda over.

Avtalen vart driven fram av det sivile samfunnet i mange land og av nokre spesielt aktive statar. Mineramma land var ikkje uventa blant pådrivarane. Norske frivillige organisasjonar deltok aktivt, spesielt Norsk Folkehjelp og Raudekrossen i Noreg.

Konvensjonen er òg kjend som Ottawa-konvensjonen. Etter at konvensjonen vart vedteken i Oslo i september 1997, vart han opna for å bli underteikna av dei forskjellige landa i Ottawa 3. desember same år. Minekonvensjonen tredde i kraft 1. mars 1999.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook