Hopp til hovedinnhold

Markerte Frivilligheitas dag

I dag blir Frivilligheitas dag markert over heile landet. Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte frivillige organisasjonar og eldsjeler i Vegårshei, Austre Moland og Arendal.

05.12.2019

Kronprinsen kom til Vegårshei med tog og vart ønskt velkommen av fylkesmannen i Agder, Stein A. Ytterdal, og ordførar i Vegårshei kommune Kjetil Torp.

Frivilligheita står sterkt i Vegårshei, og frivilligsentralen er ein viktig aktør i bygda. På Fjellheim  ski- og aktivitetssenter møtte Kronprinsen mange av dei frivillige eldsjelene som blant anna har engasjert seg i den lokale idretten.

Elgjakt er populært blant innbyggjarane i Vegårshei kommune, og Kronprinsen fekk ein demonstrasjon av skyting på skytebane av nokre ungdommar som er med i skyttarklubben. Kronprinsen fekk òg ei omvising i det nye idrettshuset, der store delar blir bygde på frivilligheit.

På 4H-garden Søstrene Kjevik møtte Kronprinsen mange av barna som engasjerer seg i gardsdrifta. Foto: Det kongelege hoffet

Deretter gjekk turen vidare til Austre Moland og Aust-Agders første 4H-gard, Søstrene Kjevik. Han blir driven av søstrene Terese og Caroline Kjevik, som er oppvaksne på garden. Ein 4H-gard er eit ope gardsanlegg som tek imot barn, unge og vaksne til pedagogisk tilrettelagde besøk. Kronprinsen er beskyttar av 4H i Noreg. 

Under besøket fekk Kronprinsen sjå korleis aktivitetar på garden skal bidra til å gje meiningsfylt arbeid, meistring, utvikling og trivsel. Brukarane av garden er barn og unge, menneske med rusproblem, funksjonshemma, demente og eldre. Her fekk han blant anna sjå korleis barn har fått ansvar for dei ulike gardsdyra, og på tunet vart det servert mat frå bålet. 

Skattkammeret i Arendal

I Arendal møtte Kronprinsen både frivillige og brukarar av Skattkammeret. Her kan barn og unge låne utstyr for sommar- og vinteraktivitetar. Skattkammeret har ein visjon om at alle barn og unge skal ha sjansen til ein aktiv kvardag utan ein prislapp som ekskluderer nokon frå å delta. Skattkammeret er ein del av Kirkens Bymisjons arbeid for barn og unge og er spreidd rundt i heile landet.

Besøket vart avrunda med skateshow framført av jentene i gruppa «Jenteskate» på kanalplassen i Arendal sentrum. 

Linda Hornstuen fortalde om tilbodet for brukarane av Skattkammeret i Arendal. Foto: Det kongelege hoffet

Frivilligheita står sterkt

Tal frå Frivilligheitsbarometeret 2019 viser at 63 prosent av alle nordmenn over 15 år har gjort frivillig arbeid i løpet av det siste året.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook