Hopp til hovedinnhold

Julefotografering på Slottet

I dag var det tid for den tradisjonelle julefotograferinga på Slottet, og Kongeparet og Kronprinsfamilien kom saman i Den røde salong.

16.12.2019

Sjølve jula vil Kongen og Dronninga feire på Kongseteren saman med Prinsesse Märtha Louise, mens Kronprinsparet vil vere i Uvdal i jula.

Kongeparet og Kronprinsfamilien samla til julefotografering. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Barn frå Fridheim barnehage i Oslo har laga Slottet som peparkakehus, og Kongefamilien kunne beundre resultatet i dag. 

Julefotografering 2019. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix

Fotograferinga vart gjord i Røde salong på Slottet.

Julefotografering i Røde salong. Foto: Lise Åserud, NTB scanpix 

For den som ønskjer å sjå fleire bilete av Kongefamilien, finst ein rekkje fotoalbum både frå året vi er inne i, og tidlegare – for eksempel:

Frå Kongeparets offisielle program

Frå Kronprinsparets offisielle program

Kongefamilien 2019

Prinsessas konfirmasjon

For pressa

Høgoppløyselege utgåver av julebileta er tilgjengelege for redaksjonell bruk via NTB Scanpix. Fotografen er Lise Åserud / NTB scanpix.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook