Hopp til hovedinnhold

12 000 på digital koronadugnad

Den Høgvørde Kronprinsen opna skjærtorsdag den globale, digitale dugnaden The Global Hack. – Vi treng ideane dykkar, sa han i helsinga si til entreprenørane.

15.04.2020

Arrangementet var eit såkalla hackathon – ein digital dugnad der utviklarar jobbar saman på prosjekt for å finne løysingar på definerte utfordringar.

The Global Hack hadde over 12 000 deltakarar frå meir enn 100 land. Dei jobba med over 500 ulike prosjekt for å bidra inn i koronaresponsen.

48-timars hackathon

Kronprinsen takka alle som hadde sett av påskehelga til jobbing natt og dag.

– Takk for at de bruker tida og energien dykkar på å gjere ein forskjell. Vi treng ideane dykkar. Vi treng entreprenørånda dykkar, evna til å sjå potensial og til å gjere ting på nye måtar, sa Kronprins Haakon.

Deltakarane hadde 48 timer på seg til å utarbeide idear og løysingar som kan bidra til å redde liv og arbeidsplassar. Dei var delte inn i lag og arbeidde med prosjekt på ti ulike felt. Desse temaa var inspirerte av FNs berekraftsmål – og med eit lengre perspektiv enn akkurat koronakrisa.

Noreg var medarrangør

Vinnarprosjekta innanfor dei ulike temaa vart annonserte på søndagen. Alle vil få støtte og oppfølging, slik at flest mogleg av initiativa kan bli realiserte.

Arrangementet vart halde på rekordtid, og Oslo var vertskap for dei internasjonale direktesendingane, som vart følgde av over ein million sjåarar.

– Ser det store biletet

Innovasjon og entreprenørskap har vore eit av Kronprinsens fokusområde i lang tid. Kronprinsen er særleg oppteken av korleis samarbeid på tvers av tradisjonelle sektorar og teknologi kan bidra til å skape ei meir berekraftig framtid.

Kronprinsen har òg jobba med FNs utviklingsprogram UNDP i over 17 år og var glad for at The Global Hack hadde knytt arbeidet til FNs berekraftsmål.

– Det viser at de ser det store biletet. Det handlar ikkje berre om krisa vi er inne i akkurat no. Det handlar om å føre verda framover, sa Kronprinsen vidare i helsinga si.

 

Hilsen fra Kronprins Haakon til deltakerne i det internasjonale hackathonet mot korona. Foto: Det kongelige hoff.
Fakta

FNs 17 bærekraftsmål

  1. Utrydde alle former for fattigdom i hele verden
  2. Utrydde sult, oppnå matsikkerhet og bedre ernæring, og fremme bærekraftig landbruk
  3. Sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder
  4. Sikre inkluderende, rettferdig og god utdanning og fremme muligheter for livslang læring for alle
  5. Oppnå likestilling og styrke jenters og kvinners stilling
  6. Sikre bærekraftig vannforvaltning og tilgang til vann og gode sanitærforhold for alle
  7. Sikre tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkommelig pris
  8. Fremme varig, inkluderende og bærekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle
  9. Bygge robust infrastruktur, fremme inkluderende og bærekraftig industrialisering og bidra til innovasjon
  10. Redusere ulikhet i og mellom land
  11. Gjøre byer og bosettinger inkluderende, trygge, motstandsdyktige og bærekraftige
  12. Sikre bærekraftige forbruks- og produksjonsmønstre
  13. Handle umiddelbart for å bekjempe klimaendringene og konsekvensene av dem*
  14. Bevare og bruke hav og marine ressurser på en måte som fremmer bærekraftig utvikling
  15. Beskytte, gjenopprette og fremme bærekraftig bruk av økosystemer, sikre bærekraftig skogforvaltning, bekjempe ørkenspredning, stanse og reversere landforringelse samt stanse tap av artsmangfold
  16. Fremme fredelige og inkluderende samfunn for bærekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og bygge velfungerende, ansvarlige og inkluderende institusjoner på alle nivåer
  17. Styrke gjennomføringsmidlene og fornye globale partnerskap for bærekraftig utvikling


Kilde: Utenriksdepartementet

 

Kronprins Haakon i Mesetas. Foto: FN-sambandet / Eivind Oskarson
Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook