Hopp til hovedinnhold

Møtte det svenske Kronprinsesseparet

Onsdag heldt Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit eit videomøte med det svenske Kronprinsesseparet. I utgangspunktet skulle Kronprinsparet i desse dagar vore på offisielt besøk til Sverige, men dette er utsett grunna koronaviruset.

06.05.2020

– Vi hadde sett veldig fram til å besøkje dykk i Sverige. Eg veit det var stor interesse frå det norske næringslivet for besøket, så vi gleder oss til å komme når det blir mogleg, sa Kronprinsen. Ein stor del av det planlagde besøket skulle fokusere på norsk-svensk samarbeid og næringsliv.

Samtalte om situasjonen i dei to landa

Kronprinsparet og Kronprinsesseparet brukte dagens videomøte til å oppdatere kvarandre på situasjonen i Noreg og Sverige. Dei har begge brukt dei siste vekene på å møte mange av dei berørte aktørane i samfunnet, frå helsepersonell til lærarar, over video.

– I Noreg har jo skolane vore stengde ein periode, og sjølv om lærarane har vore fantastiske til å drive undervisning på nye måtar, er det nok mange små og store som saknar det sosiale. Det kan vi vel alle kjenne på.

Kronprinsessa, som er oppteken av den psykiske helsa til barn og unge, kunne fortelje om videomøtet ho og Kronprinsen hadde med blant anna Mental Helse.

– Det er viktig at vi tek vare på kvarandre i denne situasjonen. Spesielt personar i risikogruppa og andre sårbare situasjonar treng å bli sett i denne tida, sa Kronprinsesse Victoria.

Kronprinsparet skulle eigentleg vore på offisielt besøk i Sverige, men møtte i staden det svenske Kronprinsesseparet via video. (Foto: Maren Kvikshaug / Det kongelege hoffet)

Ser fram til opne grenser mellom landa

Kronprinsparet og Kronprinsesseparet prata òg om den nye geografisk avgrensa kvardagen. Mens ein i Noreg har begynt å fire på det såkalla «hytteforbodet», er det framleis strenge reisereglar i Sverige. Kronprinsesse Victoria kunne fortelje at der har ein ikkje lov til å reise utanfor sin eigen region. Dei var alle einige om at dei såg fram til broderfolket igjen kan reise over landegrensene.

Kronprinsesse Victoria og Prins Daniel avslutta med å ønskje det norske Kronprinsparet hjarteleg velkommen til Sverige så fort det lèt seg gjere.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook