Hopp til hovedinnhold

Heimkomsten 13. mai 1945

I dag er det 75 år sidan Kronprins Olav kunne vende heim etter 2. verdskrig. Eit hav av menneske ønskte han velkommen da han gjekk i land på Honnørbrygga i Oslo.

13.05.2020

Kong Haakon og Kronprins Olav hadde måtta forlate landet 7. juni 1940. Den 8. mai 1945 kapitulerte Tyskland, og Noreg var endeleg fritt etter fem års okkupasjon. 

Regjeringa i London hadde utnemnt Kronprins Olav til forsvarssjef i juni 1944, ei stilling han hadde fram til 15. juli 1945. Han overtok leiinga av dei norske styrkane og samarbeidet med dei allierte. Det var i kraft av stillinga si som forsvarssjef at Kronprinsen kom heim alt 13. mai, nesten ein månad før resten av Kongefamilien.

 Kronprins Olav gjekk i land på Honnørbrygga i Oslo. Foto: NTB arkiv / Scanpix

Iført den britiske battleuniforma si gjekk Kronprinsen i land på Honnørbrygga i Oslo, der mange tusen var møtte fram for å ønskje han velkommen.

I open bil gjennom gatene

Kronprins Olav køyrde i open bil gjennom gatene i Oslo, omkransa av eit stort folkehav på veg opp til Slottet.

Kronprins Olav drog i open bil frå kaia til Slottet. Foto: NTB scanpix

Den kjende motstandsmannen Max Manus sat i framsetet som livvakt. Han fortalde seinare om kor nervepirrande køyreturen hadde vore. Han og dei andre tryggingsfolka frykta at det skjulte seg tyske snikskyttarar i folkemengda.

Leidd av politi på motorsyklar går bilkortesjen med Kronprins Olav opp Karl Johans gate mot Slottet. Foto: NTB arkiv / Scanpix

Hoffmarskalk Broch rådde Kronprinsen frå å flytte inn på Slottet, sidan kongebustaden var sterkt nedsliten og prega av okkupasjonsåra. Men Kronprins Olav flytta inn uansett, og fire dagar seinare stod han som einaste medlem av Kongefamilien på Slottsbalkongen da eit fritt Noreg feira nasjonaldagen.

Kronprins Olav helsar frå Slottsbalkongen etter heimkomsten 13. mai. Foto: Nikolai Ramm Østgaard / Arkivverket / NTB scanpix

Han kunne òg ønskje resten av regjeringa velkommen da dei kom til Oslo med det britiske skipet Andes 31. mai.

7. juni 

Den 7. juni kom også Kong Haakon, Kronprinsesse Märtha og resten av familien heim til Noreg. Det var på dagen fem år etter at Konge og Kronprins hadde måtta forlate landet.

 

13. mai 1945: Kronprins Olav vender tilbake til Norge etter 2. verdenskrig (OBS: filmen er uten lyd). Foto: NRK. Gjengitt med tillatelse.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook