Ærevisingar
Hans Majestet Kongen gav i føremiddag audiens på Det kongelege slottet i høve årets tildeling av Gardens ur og Brigader Leif Schanches ærevising.
Gardesjefen, oberstløytnant Vegard Flom, overrekte utmerkingane til gardistane i nærvær av Kongen. Begge mottakarane tenestegjer ved musikktroppen i 3. gardekompani.
Gardens Ur og Brigader Leif Schanches ærevising vart delt ut i nærvær av Hans Majestet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Gardens Ur
Gardist Daniel Haugen frå Skien tok imot Gardens Ur for ein utrøytteleg arbeidsinnsats, ei svært god heilskapsforståing, ei utmerkt framferd, fagleg dugleik og dei særdeles gode evnene sine til samarbeid og kommunikasjon.
Gardist Daniel Haugen tek imot Gardens ur. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Daniel Haugen starta tenesta si i 3. gardekompani som musikkgardist i september 2019. Han speler eufonium og er ein del av janitsjarkorpset. Før han kom inn i Forsvaret, gjekk han musikklinja på Skien vidaregåande skole. Han har spelt i Menstad skolekorps, Skien skolemusikk, Vestsidens musikkorps og musikkforeininga Suoni. Tradisjonen med Gardens Ur skriv seg tilbake til 1934.
Brigader Leif Schanches æresbevisning
Gardesjef Flom overrekte Brigader Leif Schanches ærevising – ein sabel – til løytnant Mads Østereng Bakken. Løytnanten er til dagleg troppssjef i 3. gardekompani og har gjennomført tenesta si på ein eksemplarisk måte. Han har såleis vore eit eksempel til etterfølging for både befal og gardistar i Garden.
Løytnant Mads Østereng Bakken tok imot Brigader Leif Schanches ærevising. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Han starta tenesta si i 3. gardekompani som signaltrommeslagar i musikktroppen. Etter dette hadde han eit år med musikkstudium og nokre år med sivile jobbar som lærar og snikkar. Bakken, som er frå Lørenskog, byrja på befalsskolen 2011 og gjekk ut som sersjant 2012. Da begynte han som instruktør i musikktroppen. Etter nokre månader vart han NK i musikk for deretter å bli troppssjef sommaren 2013. Han var troppssjef frå 2013 til 2015. Da begynte han på Krigsskolen og var der i tre år, før han var tilbake i 3. gardekompani som troppssjef i 2018.
Normalt blir ærevisingane delte ut i samband med Kongens årlege inspeksjon av Hans Majestet Kongens Garde, men på grunn av koronapandemien er inspeksjonen utsett inntil vidare.
Aktuelle saker

Ukrainske Røde Kors i audiens
Ukrainske Røde Kors har 10 000 frivillige og ansatte som hver eneste dag er ute og hjelper gamle og unge i landet. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen mottok i dag Maksym Dotsenko, generalsekretæren i Ukrainske Røde Kors, i audiens på Slottet.

Norges største barneskole
Hans Majestet Kong Harald var til stede under åpningen av Norges største barneskole.