Hopp til hovedinnhold

Sesongstart på Oscarshall

I morgon, laurdag 27. juni, startar sommarsesongen på Oscarshall – lystslottet på Bygdøy utanfor Oslo sentrum. Det er mogleg å følgje omvisingar – eller å hyggje seg i den fine parken omkring.

26.06.2020

Lystslottet stod ferdig i 1852. Det blir rekna som nygotikkens hovudverk i Noreg og er eit av dei viktigaste nasjonalromantiske minnesmerka i landet.  Oscarshall vart bygd på oppdrag av Kong Oscar I og Dronning Joséphine, og ei rekkje norske samtidskunstnarar deltok i utsmykkinga. 

Spisesalen på Oscarshall er dekorert av Joachim Frich og Adolph Tidemand. Foto: Anette Karlsen / NTB scanpix

Parken som omkransar Oscarshall, er open for alle i opningstida til lystslottet. Det er ikkje nødvendig med billett for å hyggje seg i hageanlegget, og ta gjerne med eiga niste – eller kjøp ein is på staden. 

Seinare i sommar vil det òg vere mogleg å bli med på parkvandringar her – eit samarbeid mellom Slottsgartneriet og Dei kongelege samlingane. Parkvandringane blir annonserte på Facebook.

Den såkalla kavalerbygningen ligg i parken. Foto: Jan Haug, Det kongelege hoffet

Praktisk informasjon

Oscarshall vil vere open for publikum fram til og med 30. august, berre stengd enkelte dagar på grunn av ulike arrangement. Sjå faktaboksar til høgre (eller nedst om du bruker mobil) for detaljer om tider og billettprisar.

Billettar til omvisingane er tilgjengelege via Ticketmaster. Nokre billettar vil òg vere tilgjengelege i museumsbutikken på staden.

Tilkomst

Ein kan ta både buss og båt til Oscarshall:

  • Buss nr. 30 (som blant anna går frå Jernbanetorget og Nationaltheatret) til haldeplass Bygdø Kongsgård eller Norsk Folkemuseum. Det er ein spasertur på nokre minutt frå busstoppet og inn til Oscarshall.
  • Bygdøyferja til Dronningen.

For den som liker å spasere, er det fint å følgje kyststien utover og komme til Oscarshall frå sjøsida.

Adressa er Oscarshallveien 15.

 

Fakta

Åpningstider 

Vi håper å kunne starte publikumssesongen på Oscarshall 1. juli. Det avhenger selvsagt av at smittesituasjonen tillater det. Tilbudet tilpasses råd og regler om smittervern som gjelder i Oslo til enhver tid.

Omvisningene varer omlag 30 minutter og omfatter de flotteste rommene. Sist sesong var omvisningene klokken 11.30, 12.30, 13.30, 14.30 og 15.30.

Avvikende åpningstider

Lystslottet kan bli midlertidig stengt på grunn av arrangementer. Det annonseres på denne nettsiden og på Facebook/Oscarshall.

Den gamle portnerboligen rommer nå publikumssenter og museumsbutikk. Foto: Jan Haug, Det kongelige hoff
Fakta

Billetter til Oscarshall

Når sesongen starter, vil billetter bli tilgjengelig gjennom Ticketmaster. Et lite antall selges også i museumsbutikken på stedet.

Priser 2021:

  • Voksen: 125,-
  • Honnør/student: 100,-
  • Barn (6-17 år): 100,-
  • Barn under 6 år har gratis adgang
  • Ledsager for handikappede har gratis adgang

 

Fakta

De kongelige samlinger på Facebook

Her finner du informasjon om kulturtilbudet på Det kongelige slott, på lystslottet Oscarshall og i Dronning Sonja KunstStall: Omvisninger, utstillinger, foredrag eller scenekunst. Denne siden gir en samlet over tilbudet, uavhengig av hvor det skjer.

I tillegg poster vi smakebiter fra den store mengden kunst, fotografier, dekketøy, sølv, møbler og gjenstander som befinner seg i De kongelige samlinger.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook