Oslo-Filharmonien opna sesongen
Endeleg kan Oslo-Filharmonien spele for publikummarar igjen. Hennar Majestet Dronning Sonja var til stades under sesongopninga i Oslo Konserthus i går kveld.
200 publikummarar gav ståande applaus til symfoniorkesteret og ny sjefdirigent Klaus Mäkelä (24) etter konserten.
Dronning Sonja var til stades saman med blant andre ordførar Marianne Borgen og styreleiar Kristin Skogen Lund i Oslo-Filharmonien. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
Oslo-Filharmonien starta konserten med urframføringa av bestillingsverket «Wiegenlied» (Voggesang), skrive av den finske komponisten Sauli Zinovjev (31). Tittelen er lånt frå Johanns Brahms’ berømte song frå 1868, mykje brukt i speledåsar for barn.
– Det vil gje meg stor glede om publikum sit att med ei kjensle av håp og trøyst etter å ha høyrt dette verket, seier komponist Sauli Zinovjev i ei melding på nettsidene til symfoniorkesteret.
Kveldens hovudverk var Mahlers «Symfoni nr. 1».
– Ei feiring av det å spele saman, og det perfekte verket for å begynne eit musikalsk samarbeid, seier ny sjefdirigent Klaus Mäkelä om Mahlers «Symfoni nr. 1».
Til stades i salen var òg Oslo-ordførar Marianne Borgen og styreleiar Kristin Skogen Lund i Oslo-Filharmonien.
Dronning Sonja er beskyttar for Oslo-Filharmonien, og tidlegare i sommar tok ho imot administrerande direktør Ingrid Røynesdal i audiens på Slottet.
I 2019 markerte symfoniorkesteret 100 år med jubileumskonsert i Konserthuset og bursdagskonsert på Slottsplassen.
Oslo-Filharmonien opna sesongen i Oslo Konserthus. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix
Aktuelle saker

Åpnet årets Likestillingskonferanse
– Vi hadde kommer så langt. Vi har ikke råd til å miste alle disse fremskrittene, sa H.K.H. Kronprins Haakon da han satte fokus på pandemiens innvirkning på likestillingsarbeidet verden over.

– Det er mye gull å hente
Nærmere 120 000 unge under 30 år står utenfor arbeid og skole. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten talte til kommunesektoren om hvordan ungdom kan føle tilhørighet til det samfunnet de er en del av.