Hopp til hovedinnhold

Møtte frivilligheita i Florø

Frivilligheita står sterkt i Noreg, men er inne i ei krevjande tid som følgje av koronaepandemien. Kronprinsparet besøkte Florø i dag for å høyre kva slags erfaringar organisasjonane her har gjort seg.

16.09.2020

Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkjer seks fylke for å møte ulike menneske og miljø og høyre om erfaringar dei har gjort under pandemien. Den Høgvørde Kronprinsessa deltek på delar av programmet, og i dag gjekk Kronprinsparet i land i Florø i Vestland fylke. 

Fylkesmann Lars Sponheim, ordførar Ola Teigen og visepolitimeister Olav Valland ønskjer Kronprinsparet velkommen til Florø. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Ordførar Ola Teigen gav ei orientering om korleis ein har handtert pandemien i Kinn, og om frivilligheita i kommunen. Deretter fekk Kronprinsparet møte representantar for frivillige organisasjonar og initiativ for høyre korleis dei har takla denne tida.  

Utfordrande for frivilligheita

Frivilligheita har hatt ei svært krevjande tid etter at pandemien trefte oss i mars, prega av avlysingar og utsetjingar. Det kan gjere det tungt å halde motivasjonen oppe, få til rekruttering og hindre fråfall.

Kronprinsen og Kronprinsessa fekk møte eit breitt spekter av engasjerte i handball, fotball, lokalpolitikk, spel og turlag og høyre deira erfaringar. 

Kronprinsparet fekk høyre om korleis frivillige organisasjonar og initiativ i Florø har opplevd koronatida. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Fondsprosjektet Flyt

Kronprinsparets fond lanserte prosjektet Flyt i 2019. Det er eit livsmeistringsprogram for ungdom som vil bruke fritida til å førebu framtida. Ungdom i overgangen til vidaregåande skole møtest på fritida og får teste aktivitetar, knyte vennskap og bli betre kjende med eigne styrkar.

Fondet samarbeider med kommunane om Flyt, som blir gjennomført på litt ulike måtar i ulike kommunar. I haust skal både Kinn og Bremanger i gang med prosjektet, og Kronprins Haakon møtte lokale representantar for å høyre om korleis dei planlegg å gjennomføre Flyt i dei to kommunane. 

Kronprins Haakon møtte lokale Flyt-leiarar i Florø. Dei snakka om motivasjon, forventningar og utfordringar. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Organisert e-sport

Dataspel og "gaming" har gjerne vore ein privat affære, vist til gute- eller jenterommet. I ei tid der mange idrettslag slit, er Florø godt i gang med den første organiserte e-sportsesongen. Alt er basert på frivillig arbeid, men med bistand frå det offentlege. 

På Haffen ungdomshus kan medlemmer møtast, nytte topp utstyr og lære av kvarandre. Dei tek del i organisert trening, og kvar økt startar med ein halv times fysisk aktivitet. Det er ikkje uvanleg at ivrige "gamarar" utviklar belastningsskadar i handledd, nakke og rygg, og dette er det viktig å unngå. Både helse, søvn og trening står derfor sentralt – som i andre sportsklubbar. 

Kronprins Haakon møtte ungdom som driv med e-sport i Florø. Her er det organisert trening i både "Fortnite", "League of legends" og andre dataspill. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Ein tur rundt Kongeskipet

Kronprinsen avslutta besøket på brygga i Florø med ein tur til bedrifta Evoy AS. Selskapet produserer elektriske båtmotorar og er òg engasjert i eit prosjekt med båtpoolar. Mange båtar ligg ved brygga det meste av tida, og tanken er at ein kan dele båt på same måte som mange deler tilgangen på bil. 

Kronprins Haakon fekk ei orientering om drifta – og ein testtur, der dei like godt tok ein tur rundt Kongeskipet med verdas raskaste elbåt. Kronprinsen fekk sjøl Kronprinsessa kom òg ut og helsa på Evoy og Kronprinsen under testturen.

Evoy tok Kronprinsen med på ein testtur i havnebassenget. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Avsluttar i Stavanger

Dagens besøk er ein del av ei større reise, der Kronprinsen møter menneske og miljø for å lytte til deira erfaringar og lære om utfordringane dei har hatt i møte med pandemien. Kronprinsessa deltek på delar av programmet.

I førre veke besøkte Kronprinsen Askim, Rygge, Stokke og Flekkefjord, og i går var Kronprinsparet saman i Kristiansund. I morgon blir reisa avslutta i Stavanger, der temaet er «olje- og energisektoren».

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook