Kongen gjekk om bord
Årets sommarsesong er offisielt i gang for mannskap og offiserar på Kongeskipet «Norge» når Hans Majestet Kongen embarkerer skipet. Dette skjedde i ettermiddag.
Kong Harald gjekk om bord saman med Den Høgvørde Kronprinsen for å inspisere at skipet er klart til å ta i bruk.
Tradisjonen med kongeleg embarkering går tilbake til 1948, da Kong Haakon VII fikk «Norge» i gåve frå det norske folket. Høvet var 75-årsdagen til Kongen og ønsket om å takke for Kong Haakons innsats i kampen mot den tyske okkupasjonsmakta.
Når seremonien er over, er sesongen offisielt i gang for Kongeskipet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Kongen og Kronprinsen vart mottekne av skipssjefen, kommandørkaptein Geir Vidar Thorkildsen, da dei gjekk om bord frå Filipstadkaia i Oslo hamn.
Under mønstring av offiserar og mannskap uttrykte Kronprinsen eit håp om at alle ville få ei fin teneste om bord. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Dei siste vekene har det vore utført eit hektisk arbeid om bord for å gjere Kongeskipet klart for årets sesong. Tauverk er skifta ut, dørken er svabra, det er måla, flikka og pussa for at skipet skal vise seg frå si beste side. Sjølv maskinrommet skin når skipet skal inspiserast.
Mannskapet har stått på for å få alt «shipshape» til inspeksjonen. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
På grunn av den pågåande pandemien er ikkje seglingsprogrammet for i år klart, men Kongeskipet vil bli å sjå seglande langs norskekysten i løpet av sommarhalvåret.
Fakta om Kongeskipet:
Lengde: 80,2 meter
Bredde: 11,6 meter
Dybde: 4,7 meter
Bruttotonnasje: 1628 tonn
Maksimumsfart: 16 knop
Marsjfart: 14 knop
Rekkevidde: 6500 nautiske mil
Hjemmehavn: Oslo
Kallesignal: LAMA
Klasse: 1A1 Yacht
Maskineri: To Bergen Diesel, 1760 hk hver
Bygget av Camper & Nicholsons Ltd., Gosport, England i 1937.

Aktuelle saker

Skandinavisk Forening i Roma
Hennes Majestet Dronning Sonja besøkte torsdag 8. februar Skandinavisk Forening i Roma – Circolo Scandinavo. Besøket fant sted i forbindelse med åpningen av utstillingen MUNCH: Inner Fire i den italienske hovedstaden.

Lyttet til unges ideer for fremtiden
75 ungdommer var samlet for å dele nye ideer for framtiden under den nasjonale ungdomskonferansen Framtidsmøtet 2025. Hans Kongelige Høyhet Kronprinsen var til stede da ungdommene presenterte sine budskap.