Opplysningsvesenets fond 200 år
I mange generasjonar har midlar frå Opplysningsvesenets fond bidrege til utdanning og opplysning i Noreg. H.M. Dronning Sonja var til stades på jubileumsfesten til ein av dei største grunneigarane i landet på Vestre Aker prestegard.
Fondet eig prestegardar, skog og næringseigedom over heile Noreg.
Feiring på tunet
Opplysningsvesenets fond inviterte til feiring i det koselege prestegardstunet på Blindern i Oslo med underhaldning av vokalist Solveig Slettahjell og framføring av bestillingsverk om prestegardar ved musikar Geirr Lystrup. Komikar Robert Stoltenberg opptredde som vaktmeister Narvestad og som prest.
Anne Lindmo leidde festframsyninga og fortalde om eigen oppvekst på ein prestegard på Toten.
Midt på tunet på prestegarden planta Dronninga tuntreet Dronningeika – som ei markering av dagen.
Dronninga legg jord på røtene til det nye tuntreet på Vestre Aker prestegard. Bebuar i prestegarden Nils Norman Iversen hjelper til. Foto: Julia Marie Naglestad / OVF
Grunnlovfesta i 1814
Opplysningsvesenets fond vart grunnlovfesta av eidsvollsmennene i 1814 og oppretta i 1821.
Avkasting frå eigarskap og sal av prestegardar skulle bidra til utdanning og opplysning i Noreg. Ein av dei viktigaste grunnane til at OVF vart oppretta, var å sikre nødvendige bidrag til det nyoppstarta Universitetet i Oslo.
Ikkje berre prestebustader
I dag er fondet ein av dei største grunneigarane i landet og skal som kapitalforvaltar skape verdiar for Den norske kyrkja. Fondet arbeider med både å selje prestegardar og å finne annan bruk av prestegardar med særleg stor kulturhistorisk verdi.
Sidan 2015 har ikkje prestar lenger plikt til å bu på prestegardar, og mange prestegardar blir i dag fylte med anna innhald. Vestre Aker prestegard skal no bli nabolagshus med kafé og blomsterbutikk.
Opplysningsvesenets fond eig framleis mange prestegardar, som Vestre Aker bispegard. Foto: Julia Marie Naglestad / OVF
Aktuelle saker

Kronprinsparet besøkte ungdom og frivillige hos Drammen Røde Kors
Ungdomshuset Fellesverket er et gratis aktivitetstilbud for ungdom i alderen 13 til 25 år. I dag kom Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fellesverket i Drammen.

Hjertelig gjensyn ved en brukket stav
Det ble et hjertelig gjensyn mellom Hans Majestet Kongen og skilegenden Oddvar Brå, da Hans Majestet markerte åpningen av den nye utstillingen på Skimuseet i Holmenkollen i Oslo.