Kongen avduka veteranmonumentet
Hans Majestet Kongen avduka i føremiddag Nasjonalt veteranmonument og tende den «evige flamme» på Akershus festning i Oslo.
Den Høgvørde Kronprinsen var også til stades ved seremonien.
Monumentet er reist for å heidre personell som har tenestegjort for Noreg i internasjonale operasjonar eller delteke i anna internasjonal teneste i særleg risikoutsette område etter den andre verdskrigen.
Namn på dei falne
Monumentet består av ein bauta av stein der verselinja «også vi når det blir krevet» frå «Ja, vi elsker» er inngravert, ei bronsetavle med namn på dei som har mista livet i internasjonale operasjonar, og den «evige flamme» forma som ein fakkel på toppen av bronsetavla.
Kong Harald avduka eit nytt nasjonalt veteranmonument på Akershus festning. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Det var i 2019 regjeringa bestemte at det skulle reisast eit nasjonalt monument på Akershus festning for å heidre personell som har delteke i internasjonale operasjonar på vegner av Noreg.
Kongen og Kronprinsen vart mottekne av stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen, statsminister Erna Solberg og forsvarssjef Eirik Kristoffersen. Utanriksminister Ine Eriksen Søreide og forsvarsminister Frank Bakke Jensen var òg til stades ved avdukinga.
Soldatar heidra
Etter avdukinga vart det gjennomført ein medaljeseremoni.
Kong Harald delte ut Krigskorset med sverd til major Knut Andreas Flydal, som fekk medaljen for på særleg framståande måte å ha utmerkt seg ved leiing i kamp under ei hending i Syria i 2017, i den internasjonale koalisjonen mot ISIL.
Flydals mot og leiing var avgjerande for den gode måten han og avdelinga løyste oppdraget og hendinga på, heiter det vidare i grunngjevinga.
Major Knut Andreas Flydal fekk overrekt Krigskorset med sverd av Kong Harald. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Ein stad til ettertanke
Veteranmonumentet er plassert i sørenden av Festningsplassen på Akershus festning og består òg av ein 100 meter lang natursteinsbenk forma ut av Noregs nasjonalbergart larvikitt. Benken omkransar ein lund med lindetre som har vore ein del av plassen sidan 1990-talet.
Den skjerma plassen under trea blir no ein stad for anerkjenning og ettertanke.
Nærare 100 operasjonar
På innsida av natursteinsbenken finn ein inngravert namn på alle internasjonale operasjonar der Noreg har bidrege etter 1945.
Operasjonane er plasserte i forhold til himmelretningane. Operasjonar i Afrika på sørsida, operasjonar i Europa på nordsida, operasjonar i Midtausten og Asia på austsida og operasjonar i Amerika på vestsida av lunden.
Benken skal symbolisere utstrekninga og omfanget av Noregs bidrag til internasjonale operasjonar i heile verda.
Aktuelle saker

Prinsesse Astrid åpnet N.K.S Helsehus
Prinsesse Astrid, fru Ferner klippet snoren da det nye helsehuset i Lørenskog ble åpnet.

Kronprinsparet besøkte ungdom og frivillige hos Drammen Røde Kors
Ungdomshuset Fellesverket er et gratis aktivitetstilbud for ungdom i alderen 13 til 25 år. I dag kom Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fellesverket i Drammen.