Veterinærbygningen har opna på Campus Ås
Det nye bygget husar Veterinærhøgskolen og Veterinærinstituttet – viktige institusjonar for dyrehelse, fiskehelse og samfunnstryggleik i Noreg. Hennar Majestet Dronninga var til stades på opninga i dag.
Da ho kom til campus, omgjeven av ærverdige steinbygningar og frodige parkar og grøntanlegg, vart Dronning Sonja ønskt velkommen av blant andre barn frå Åkebakke barnehage.
Det nyaste tilskotet til samlinga av bygningar på Campus Ås – Veterinærbygningen – er eit moderne og avansert bygg for forsking, utdanning og innovasjon innan veterinærmedisin.
Rommar 2400 rom
Veterinærbygningen er 63 000 kvadratmeter fordelt på åtte samanhengande bygningar med 2400 rom.
Her finn ein blant anna laboratorium, dyresjukehus, akvarium og andre spesialareal saman med det siste innan veterinærmedisinsk utstyr til forsking, diagnostikk, behandling av dyr og kamp mot av smitte.
Dronning Sonja og adm.dir. Jorun Jarp ved Veterinærinstituttet under den offisielle opninga av Veterinærbygningen på Campus Ås. (Foto: Lise Åserud / NTB)
Laboratorium, rehabiliteringsbasseng og hestekorridor
Dronninga fekk ei omvising i bygningen som rommar dei to institusjonane.
Dronning Sonja vart med inn i hjartet av Veterinærinstituttet – til laboratorium for molekylærbiologi. Her fekk ho høyre om beredskapsarbeidet for å verne dyr, fisk og menneske mot alvorlege helsetrugsmål. Pandemien har vist oss kor viktig arbeidet med beredskapsdiagnostikk er.
Veterinærbygningen på Ås husar òg Veterinærhøgskolen – eit av sju fakulteta ved NMBU og Noregs einaste utdanningsinstitusjon innan veterinærmedisin. Dronninga fekk ei grundig omvising i romma der framtidas veterinærar, dyrepleiarar og forskarar på veterinærmedisin utdannar seg.
Travhesten Grand Velocity viste seg fram for Dronninga i det nye Veterinærbygget. (Foto: Lise Åserud / NTB)
Dronninga fekk sjå nokre av dei fine fasilitetane som bygget rommar. Ein hund fekk behandling i eit rehabiliteringsbasseng. Og omvisingen vart avslutta i hestekorridoren der travhesten Grand Velocity vart utgreidd mens han sprang på ei tredemølle.
Dronning Sonja i korridoren til laboratorium for molekylærbiologi, der dronninga fekk høyre om blant anna beredskapsdiagnostikk. (Foto: Lise Åserud / NTB)
Talar og nøkkeloverrekking
Den offisielle opninga vart markert ute på plenen framfor Veterinærbygningen med underhaldning av eit samla kor frå NMBU og nøkkeloverrekking og talar av ikkje mindre enn tre statsrådar – forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim, landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad og fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen.
Administrerande direktør Harald V. Nikolaisen i Statsbygg, NMBU-rektor Curt Rice, administrerande direktør Jorun Jarp i Veterinærinstituttet og KORO-direktør Svein Bjørkås talte òg under opninga.
Aktuelle saker

Kronprinsparet besøkte ungdom og frivillige hos Drammen Røde Kors
Ungdomshuset Fellesverket er et gratis aktivitetstilbud for ungdom i alderen 13 til 25 år. I dag kom Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fellesverket i Drammen.

Hjertelig gjensyn ved en brukket stav
Det ble et hjertelig gjensyn mellom Hans Majestet Kongen og skilegenden Oddvar Brå, da Hans Majestet markerte åpningen av den nye utstillingen på Skimuseet i Holmenkollen i Oslo.