Hopp til hovedinnhold

Opningsdag for Oslo Innovation Week

Gründermiljøet i Noreg har hatt ei positiv utvikling dei siste åra. Den Høgvørde Kronprinsen møtte i dag 15 av dei som har vore med på denne reisa.

27.09.2021

– Det er hyggeleg å gjere dette på første arbeidsdag etter full gjenopning. Dette er eit rom for oversikt og visjonar, og det er fint å få denne oppdateringa frå dykk, sa Kronprins Haakon, som leidde rundebordssamtalen på Rebel i Oslo.

Oslo Innovation Week inviterte ei gruppe engasjerte gründerar, inkubatorleiarar og investorar til rundebordssamtale måndag morgon. Foto: Oslo Innovation Week / Gorm K. Gaare

Etter at alle hadde fått presentert seg, inviterte Kronprinsen fire av deltakarane til å fortelje litt meir frå fire ulike vinklar – frå nystarta til etablerte bedrifter, og frå investorar til akseleratorar som jobbar for at bedriftene skal lykkast.

Karl Munthe-Kaas er gründer av Oda og heldt eit innlegg om korleis det var å gå frå eit lite oppstartsselskap i 2013 til å skalere opp. Tre andre heldt òg innlegg: Anne Solhaug Tutar, partnar i investeringsselskapet Antler, Teodor Bjerrang, investor og partnar i SNØ Ventures, og Ingrid Dynna, gründer av Norwegian Mycelium, som skal skape berekraftige produkt, for eksempel alternativ til kjøtt.

Ingrid Dynna held innlegg om erfaringane sine med oppstartsbedrifta Norwegian Mycelium. Til høgre sit Siw Andersen, administrerande direktør i Oslo Business Region. Foto: Oslo Innovation Week / Gorm K. Gaare

Det vart diskutert friskt om korleis vi kan trekke til oss fleire internasjonale investeringar og flinke hovud.

Kronprinsen møtte Ellen Cathrine Andersen i medtech-selskapet Epiguard i videomøte i mai 2020. I dag tok selskapet imot Oslo Innovation Award for 2021. Foto: Oslo Innovation Week / Gorm K. Gaare

Oslo Innovation Week blir i år arrangert mellom 27. og 30. september. I løpet av desse dagane er det over 80 ulike arrangement for det norske innovasjons- og entreprenørskapsmiljøet og internasjonale investorar og ekspertar.

Formålet til veka er å bidra til fleire suksessrike gründerbedrifter og promotere norsk innovasjon. Tematikkane som blir tekne opp i år, er blant anna løysingar for klimautfordringar, entreprenørskap og den nordiske modellen.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook