Hopp til hovedinnhold

Ny regjering utnemnd

Hans Majestet Kongen utnemnde i statsråd i dag ny regjering og Jonas Gahr Støre til Noregs nye statsminister.

14.10.2021

Kongen har ei viktig konstitusjonell rolle ved regjeringsskifte. Formelt var det Kong Harald som gav Støre i oppdrag å danne ei ny regjering, da tidlegare statsminister Erna Solberg leverte avskjedssøknaden sin tysdag denne veka.

Regjeringa Støre møter Kongen og Kronprinsen i sitt første statsråd på Slottet. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Den avtroppande regjeringa fungerte som forretningsministerium med avgrensa autoritet inntil den nye regjeringa var på plass.

I løpet av dagen er det vorte halde to statsråd på Slottet.

Regjeringa Solberg kom til sitt siste statsråd med Kong Harald og Kronprins Haakon klokka 10 i dag. Under statsrådsmøtet vart ny statsminister og nye regjeringsmedlemmer utnemnde med verknad frå klokka 12.00 i dag. Dette var regjeringa Solbergs siste embetshandling med Kongen i Statsråd.

Regjeringa Solberg møter kongen til sitt siste statsråd på Slottet. Under statsrådet utnemner den avtroppande regjeringa ny statsminister og nye regjeringsmedlemmer. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Rett før klokka 12 i dag kom den nye regjeringa til Slottet for sitt første statsråd. Under dette statsrådsmøtet vart dei forskjellige departementa formelt fordelte mellom regjeringsmedlemmene. Vidare vart ei rekkje statssekretærar utnemnde av Kongen i Statsråd.

Den nye regjeringa kom ut på Slottsplassen etter statsråd for å møte folk og presse.

Arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik, statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Magnus Slagsvold Vedum med blomster på Slottsplassen etter regjeringas første statsråd på slottet. Foto: Heiko Junge / NTB

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook