Hopp til hovedinnhold

Kong Harald opna det niande Sametinget

– Eg helsar Sametinget velkommen til ansvarsfull gjerning og ønskjer at ho må bli til gagn for det samiske folket og for fedrelandet vårt, sa Hans Majestet Kongen i opningstalen i dag.

20.10.2021

Den Høgvørde Kronprinsen var òg til stades ved den høgtidelege opninga av Sametinget i Karasjok.

Sametinget er det folkevalde parlamentet for det samiske folket i Noreg. Kvart fjerde år – samtidig med stortingsvalet – skal det veljast 39 representantar frå 7 valkrinsar til Sametinget.

Kong Harald helsar på avtroppande sametingspresident Aili Keskitalo. Foto: Jan Harald Thomassen / Statsforvaltaren i Troms og Finnmark

– Ekstra glede å møtast

Kong Harald sa at det var ei ekstra glede å kunne møtast for å markere opninga av det niande Sametinget – etter dei avgrensingane pandemien har lagt.

– For samane har stengde landegrenser gjort det vanskeleg å møtast i samarbeid om saker av felles interesse. Mange har òg nære slektningar og venner som dei har vorte avskorne frå å treffe. Heldigvis byrjar vi no å vende tilbake til meir normale tider, sa Kongen.

Kong Harald står for den offisielle opninga av det niande Sametinget. Foto: Terje Bendiksby / NTB

Kong Harald peika òg på at klimaendringar rammar dei arktiske områda og urfolk spesielt hardt.

Løfta fram unge samiske musikarar og kunstnarar

Kongen gav honnør til unge samiske musikarar og kunstnarar for å synleggjere mangfaldet innan samisk kultur og språk.

– Som nasjon treng vi å lytte til forteljingane dykkar og slik få eit innblikk i korleis det blir opplevd å vekse opp som ung same i dag. Dei er førebilete som både Sametinget og vi som land skal vere stolte av, sa han i talen.

Tradisjonen tru

Kongen bad Gud velsigne Sametingets arbeid, før han til slutt erklærte det niande Sametinget for opna.

Plenumsleiar Tom Sottinen ønskjer velkommen. Foto: Vaino Rensberg / Sametinget

Etter talen følgde helsingstalar frå Det norske Stortinget ved første visepresident Svein Harberg, frå Sametinget i Sverige ved plenumsleiar Daniel Holst og frå Sametinget i Finland ved sametingspresident Tuomas Aslak Juuso.

Seremonien vart avslutta med Sámi soga lávlla – Samefolkets song, framført av koret Sámi Jienat.

Det første Sametinget vart opna av Kong Olav den 9. oktober 1989.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook