Hopp til hovedinnhold

100 år for mat- og helsefaget i skolen

Landslaget for mat og helse i skolen (LMHS) feirar 100-årsjubileum. – Det er viktig at barn og unge lærer kor mykje i livet som heng saman, sa Den Høgvørde Kronprinsessa i gratulasjonshelsinga si.

28.10.2021

– Mat- og helsefaget i skolen er eit heilt grunnleggjande fag som kan bidra til å skape sunne menneske som forstår samanhengane i livet. Dette gjev arbeidet dykkar stor verdi – både for den enkelte og for samfunnet, sa Kronprinsesse Mette-Marit i helsinga si til mat- og helselærarane som var samla til Mat- og helsekonferansen 2021 på Kjeller i dag.

Forskarar og andre engasjerte i faget deltok òg på konferansen som LMHS arrangerer i samarbeid med OsloMet og Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Kronprinsessa trekte fram kor viktig det er at barn og unge lærer kvar maten kjem frå – og korleis det vi et, påverkar planeten, kroppen og den psykiske og fysiske helsa vår.

Kronprinsesse Mette-Marits hilsen til Landslaget for mat og helse i skolens 100-årsjubileum. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelige hoff

Å utnytte maten fullt ut galdt for 100 år sidan – og det gjeld i dag.

– For hundre år sidan var dette heilt nødvendig på grunn av fattigdom og nøysemd. I dag har dette på nytt vorte viktig for oss i eit klimaperspektiv for å redusere matsvinn, sa ho.

Landslaget for mat og helse i skolen fylte 100 år i 2020. I kveld inviterer organisasjonen til ein utsett jubileumsmiddag.

LMHS er ein interesseorganisasjon for lærarar og andre med interesse for faget. Dei jobbar blant anna for at alle skolar skal gje elevane opplæring i mat og helse av høg kvalitet – og at lærarane som underviser i faget, har fagspesifikk kompetanse og kan få etter- og vidareutdanning. Gode lokale, godt utstyr og gode læremiddel i mat og helse er òg ei viktig kampsak.

Les heile gratulasjonshelsinga her

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook