Unge snakka om den arktiske framtida
I ettermiddag besøkte to kongepar Frammuseet i Oslo. På dekk på polarskuta «Fram» møtte dei åtte engasjerte studentar og unge frå Noreg og Nederland.
Deira Majestetar Kong Willem-Alexander og Dronning Máxima vart følgde til polarmuseet på Bygdøy i Oslo av vår eigen konge og vår eiga dronning. Deira Majestetar Kong Harald og Dronning Sonja er vertskap for det tre dagar lange statsbesøket som starta tidlegare i dag.
Polarnasjonar
Noreg og Nederland har sterke historiske band til kvarandre og til Arktis – hav- og landområda omkring Nordpolen.
Frammuseet fortel historia om dei norske polferdene og norsk polarforsking. «Fram» er den fremste attraksjonen og vart brukt på tre ekspedisjonar i Arktis og Antarktis – under Fridtjof Nansen (1893–1896), Otto Sverdrup (1898–1902) og Roald Amundsen (1910–1912).
Kongen og Dronninga med Kong Willem-Alexander og Dronning Máxima på dekket av «Fram». Foto: Terje Pedersen / NTB
Willem Barentsz var ein nederlandsk oppdagingsreisande som oppdaga Svalbard i 1596. Han deltok i tre ekspedisjonar frå Nederland for å finne ein nordaustleg passasje frå Europa til Aust-Asia. Barentsburg, Barentshavet, Barentsøya og Barentsregionen er oppkalla etter han.
Utvikling og framtidsutsikter i Arktis
Kong Harald og Dronning Sonja fekk, saman med dei nederlandske gjestene sine, høyre åtte unge stemmer dele sine perspektiv på utviklinga og på framtidsutsiktene i nordområda. Astrid Regine Nässlander frå Engeløya og Michal Meyer Nilssen frå Bodø har begge eit engasjement for berekraftig produksjon – ho som kjøkkensjef og han som entreprenør som har starta opp eit fiskeskinnsfirma.
Frå Noreg deltok også Ole Martin Melbøe Nygaard frå Harstad, leiar av Ungdommens fylkesråd i Troms og Finnmark, og Anja Márjá Nystø Keskitalo, som jobbar som trainee i Samerådet. Ho har ein master i geografi frå NTNU og er tidlegare medlem av den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh og Arctic Frontiers Student Forum.
Kong Willem-Alexander, Dronning Máxima, Kong Harald og Dronning Sonja deltok på rundebordskonferanse om utfordringar og moglegheiter i Arktis. Foto: Terje Pedersen / NTB
Representantar for Arctic Frontiers, som årleg arrangerer ein konferanse om problemstillingar og moglegheiter i Arktis, modererte den påfølgjande rundebordsdiskusjonen mellom deltakarane.
Klimaendringar
Klimaendringane er ekstra synlege i Arktis – ikkje minst utbreiinga av sjøis om sommaren.
Noreg og Nederland har engasjert seg i polarforsking, og begge land har nyleg publisert ein strategi for Arktis som understrekar behovet for internasjonalt samarbeid og forsking, involvering av unge og felles tiltak for å bremse klimaendringane.
Aktuelle saker

Lunsj for Latvias president
Latvias president, Hans Eksellense Edgars Rinkēvičs, er på offisielt besøk i Noreg. Den Høgvørde Kronprinsregenten tok i dag imot presidenten i audiens etterfølgt av lunsj på Det kongelege slottet.

Industribygda Glomfjord
Hans Kongelige Høyhet Kronprinsregenten besøkte denne uken Statkraft og deres kraftverk i Glomfjord.