Hopp til hovedinnhold

Kim Friele bisett

Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørde Kronprinsessa var i dag til stades da pioneren og forfattaren Karen-Christine (Kim) Friele vart bisett frå Oslo domkyrkje.

06.12.2021

Kim Friele døydde måndag 22. november, 86 år gammal.

Dagen etter vart det klart at ho skulle heidrast med gravferd på statens kostnad.

Dronning Sonja, Kronprinsesse Mette-Marit, stortingspresident Masud Gharahkhani, høgsterettsjustitiarius Toril Marie Øie, statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen utanfor Oslo domkyrkje etter bisetjinga av Kim Friele. Foto: Heiko Junge / NTB

Kim Friele var den første norske kvinna som stod offentleg fram som lesbisk. Frieles arbeid var sterkt medverkande til at straffelova som kriminaliserte homoseksuelle handlingar, vart oppheva i 1972, og at homofili vart stroken som ein psykiatrisk diagnose i 1978.

Ho vigde livet sitt til kampen for rettane til dei homofile.

Halvor Moxnes held minnetale under bisetjinga av Kim Friele. Til venstre sit kapellan Siri Sunde. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Det er to benker i Noreg som ber namnet til Kim Friele. Den første er benken utanfor Nationaltheatret i Oslo, der ho sat i fleire år tidleg på 60-talet og speida etter likesinna. Den andre benken vart avduka på Vågsallmenningen i Bergen sist mai. Det er ein benk som er sett saman av tre breie benker, som er open, inkluderer, inviterer alle til å setje seg der, sa professor emeritus og venn Halvor Moxnes, som las minnetalen.

– Desse benkene symboliserer korleis Kim Friele dei siste 60 åra har bidrege til å endre det samfunnet vi lever i. No kan dei aller fleste skeive leve trygt innanfor det mangfaldet som samfunnet vårt har vorte, sa han og avslutta minnetalen med desse orda:

– I kjærleik ber vi om fred for henne, men ikkje fred for minnet etter henne. Det må fortsetje å utfordre oss, sa Halvor Moxnes.

Korsong ved Oslo fagottkor under bisetjinga av Karen-Christine Friele i Oslo domkyrkje. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre talte på vegner av regjeringa. I tillegg var det tale ved leiaren i FRI, Inge Alexander Gjestvang, og minneord ved Else Hendel, som var grandniese av Frieles kone Wenche Lowzow.

Frida Ånnevik framførte Alf Prøysen og Alf Cranners «Å, den som var ein løvetann» framfor dei 600 personane som var til stades i Oslo domkyrkje. I tillegg bidrog Oslo fagottkor med korsong. Siri Sunde og Bjarte Hjelmeland las frå Bibelen.

Oslo-biskop Kari Veiteberg leidde seremonien og fortalde om Kim Frieles liv og livslange innsats for rettane til dei homofile.

– Homofili er kjærleik. Mange erfarte det som modig tale i 1973. Det var nødvendig at det vart sagt og gjenteke, og Kim knytte med dette svaret an til ei menneskeleg erfaring alle kan gjere seg. Så dersom du har opplevd i ditt eige liv kva kjærleik er, veit du at det ikkje er farleg, sa Veiteberg i talen sin.

Båra blir boren ut etter bisetjinga. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Friele vart tildelt ei rekkje prisar og utmerkingar i løpet av livet sitt. I 2000 vart ho òg utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for arbeidet sitt for dei homofile si sak.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook