Hopp til hovedinnhold

Kronprinsessa besøkte vaksinesenter

Tilsette på vaksinesenter over heile landet gjer ein stor innsats for å vaksinere befolkninga. Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit besøkte i dag vaksinesenteret i Bydel Grünerløkka i Oslo.

16.12.2021

Kvar dag blir fleire tusen vaksinerte på vaksinestasjonar landet rundt, slik at vi kan komme tilbake til ein meir normal kvardag så raskt som mogleg.

– Helsearbeidarar står på kvar dag for at folk skal få vaksinedosane sine. Det er imponerande. Dei står på for fellesskapet, og det er viktig, sa Kronprinsessa til pressa etter besøket.

Stor andel unge vaksne

Under besøket fekk Kronprinsessa høyre om erfaringane til sjukepleiar Ingunn Tilden Orvik, som jobbar i førstelinja på vaksinesenteret. Ho trekkjer opp og set koronavaksine og støttar òg opp ved heimevaksinering. Teamleiar innbyggjarar Mathias Kvalnes fortalde om arbeidet med innkalling til vaksine og om innbyggjarspørsmål frå A til Å.

Til stades var òg dei som leier arbeidet og koordineringa av vaksinasjonen i bydelen – prosjektleiar for vaksinesenteret Kristine Pauline Heggdal-Moen og bydelsoverlege Mari Skaugen Tindberg.

Kronprinsesse Mette-Marit vart ønskt velkommen til vaksinesenteret i Hausmannsgate i Oslo av ordførar Marianne Borgen og bydelsdirektør Ellen Oldereid. Bak står bydelsoverlege Mari Skaugen Tindberg, sjukepleiar Ingunn Tilden Orvik, teamleiar innbyggjarar Mathias Kvalnes og prosjektleiar for vaksinesenteret Kristine Pauline Heggdal-Moen. Foto: Liv Anette Luane / NTB

Besøket gjekk føre seg ute i bakgarden i Hausmannsgate 5, mens personar med timeavtale for vaksinering hasta forbi. Kronprinsessa var imponert over innsatsen til dei ho møtte på Grünerløkka i dag.

– Dette er folk som har stått i denne pandemien så lenge og bidrege for at vi alle skal føle oss trygge, sa ho.

Det bur i dag rundt 65 000 innbyggjarar i bydelen, og heile 44 000 av dei er i aldersgruppa 18 til 40 år. Det vil seie at svært mange skal vaksinerast samtidig. Tilsette ved vaksinesenteret gjer seg no klare til å oppskalere kapasiteten no som dei under 45 år skal få den tredje vaksinedosen sin. Før jul flyttar dei til tidlegare Grünerløkka sjukeheim. I dagens lokale har dei kapasitet til å setje 2500 vaksinedosar i veka.

Kronprinsessa hadde med ei julekorg til alle dei tilsette frå Kronprinsparet. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet

Viktig at folk vaksinerer seg

I Bydel Grünerløkka blir 87 prosent av innbyggjarane over 12 år rekna som ferdigvaksinerte. Framleis er det vaksne i bydelen som får den første dosen med koronavaksine.

– Det er utruleg viktig at folk tek vaksinen, ikkje berre for dei sjølve, men òg for fellesskapet, for at ikkje så mange skal bli smitta no, spesielt dei som ikkje har moglegheit til å ta vaksinen eller vaksinen ikkje verkar på, sa Kronprinsessa.

– Eg vil oppmode folk til å ta vaksinen. Det er òg svært mange grunnar til at nokon ikkje tek vaksinen. Det kan vere helseårsaker. Det kan vere folk som har angst. Vi skal vere forsiktige med å dømme. Det er viktig at vi snakkar med menneske som ikkje vel å ta vaksinen, og prøver å forstå deira perspektiv.

Kronprinsesse Mette-Marit besøkjer vaksinesenteret i Hausmannsgate i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook