Julegudsteneste i Asker
Kronprinsfamilien innleidde årets julefeiring i ettermiddag ved å gå til den tradisjonelle gudstenesta i Asker kyrkje. Sokneprest Karoline Astrup tok imot Dei kongelege på kyrkjetrappa.
Julegudstenesta vart innleidd med Grundtvigs salme "Det kimer nå til julefest", som vart skriven i 1817, og julebodskapen var det naturlege temaet for preika soknepresten heldt for kyrkjelyden.
Sokneprest Karoline Astrup heldt preika si over bodskapen i juleevangeliet. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Før juleevangeliet slik det står i Evangeliet etter Lukas, vart lese, song kyrkjelyden Alf Prøysens "Julekveldsvise" – ein kjær julesong som no er teken inn i salmeboka.
Forutan salmesongen til kyrkjelyden stod fiolinist Victoria Willumsen Lewis, solist Frida Lund-Larsen og kantor Ingvild Køhn Malmbekk for dei musikalske innslaga.
Fiolinisten Victoria Willumsen Lewis var blant solistane under julegudstenesta i Asker. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Gudstenesta vart avslutta ved at kyrkjelyden song «Deilig er jorden» – som opphavleg er ein folkemelodi nedteikna i tyske Münster i 1677.
Etter gudstenesta reiste Kronprinsfamilien til Skaugum for å feire julaftan saman med Kongeparet.
Kronprinsfamilien tok farvel med soknepresten på kyrkjetrappa. Foto: Sven Gj. Gjeruldsen, Det kongelege hoffet
Aktuelle saker
Markerte sesongslutt for Kongeskipet
Årets sesong for Kongeskipet Norge er over. Det ble tradisjonen tro markert ved at Hans Majestet Kongen debarkerte skipet – gikk fra borde etter inspeksjon og for siste gang i år.
Finalekonsert i Prinsesse Astrid internasjonale musikkpris
Tre unge fiolinistar i verdsklasse stod på scena med Trondheim Symfoniorkester & Opera i går kveld. Prinsesse Astrid, fru Ferner gratulerte finalistane i ei videohelsing som blei vist under utdelinga.