Heia fram VM-gull
For første gong var dei beste parautøvarane i verda innan alpint, langrenn, skiskyting og snowboard samla til verdsmeisterskap. Kronprins Haakon og Prinsesse Märtha Louise var til stades på den første dagen i meisterskapet.
VM i snøsport for parautøvarar blir halde på Lillehammer og Hafjell dei neste dagane. Her skal ein for første gong samle dei beste i verda innan fire vintergreiner til eit felles verdsmeisterskap.
Den Høgvørde Kronprins Haakon og Prinsesse Märtha Louise var til stades ved medaljeseremoniane, som vart litt annleis enn vanleg på grunn av smittevern.
Vilde Nilsen vart Noregs første gullvinnar under verdsmeisterskapet. (Foto: Stian Solum / NTB)
På den første dagen under meisterskapet var det knytt store forventningar til dei norske utøvarane, og dei innfridde. Vilde Nilsen stakk av med Noregs første medalje i meisterskapet, og det vart til og med gull. Vidare følgde dei andre norske opp med gode prestasjonar. I tillegg til gullvinnaren var Birgit Skarstein, Thomas Oxaal med følgje Ole Lid og Kjartan Haugen i aksjon.
På grunn av snøforholda vart dei alpine øvingane som skulle gått av stabelen på opningsdagen, utsette til seinare i meisterskapet. Dessverre måtte arrangementet gå utan fulle tribunar på grunn av koronarestriksjonar.
Frivilligheita er viktig for å gjennomføre eit stort meisterskap som eit VM. Fleire hundre er i sving i Lillehammer og Hafjell i desse dagane. 2022 er frivilligheitas år.
Parastrategi
Etter at dei siste medaljane var delte ut på Birkebeinerstadion, presenterte Noregs Idrettsforbund, med idrettspresident Berit Kjøll i spissen, ein ny strategi for korleis ein skal jobbe med paraidrett i Noreg. «En idrett – like muligheter» heiter strategien, som blant anna går ut på at ein skal bli best på trening, rekruttering og kompetanse i verda.
Aktuelle saker

Kronprinsparet besøkte ungdom og frivillige hos Drammen Røde Kors
Ungdomshuset Fellesverket er et gratis aktivitetstilbud for ungdom i alderen 13 til 25 år. I dag kom Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fellesverket i Drammen.

Hjertelig gjensyn ved en brukket stav
Det ble et hjertelig gjensyn mellom Hans Majestet Kongen og skilegenden Oddvar Brå, da Hans Majestet markerte åpningen av den nye utstillingen på Skimuseet i Holmenkollen i Oslo.