Kongen tok imot i Høgtideleg audiens
Hans Majestet Kong Harald tok imot tre nye ambassadørar i Høgtideleg audiens på Slottet i dag.
Ambassadørane frå Bosnia-Hercegovina – Bakir Sadović, Australia – Kerin Ann Ayyalaraju og Rwanda – Diane Gashumba overleverte akkreditiva sine til Kong Harald, og dermed kan dei tre verke som ambassadørar for sine land i Noreg. Akkreditivet er brevet som presenterer ambassadøren og oppdraget.
Det er eit svært høgtideleg høve. Ambassadøren blir henta med ein av bilane til Hoffet. Bilen køyrer sakte opp framfor Slottet, der soldatar frå Hans Majestet Kongens Garde står oppstilte. Garden blæs fanfare idet ambassadøren kjem til Slottet.
Kong Harald tok imot Rwandas ambassadør Diane Gashumba. (Foto: Terje Bendiksby / NTB)
Aktuelle saker

Seglingssesongen til Kongeskipet er i gang
I ettermiddag gjekk Hans Majestet Kongen, Hennar Majestet Dronninga og Den Høgvørde Kronprinsen om bord på Kongeskipet Norge. Den høgtidelege embarkeringa markerer at sesongen offisielt er i gang for mannskap og befal.

Svalbardloven 100 år
Justis- og beredskapsdepartementet inviterte til symposium i anledning at det i år er 100 år siden Svalbard ble en del av Norge. Deres Majesteter Kongen og Dronningen og Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen var til stede under arrangementet.