Kulturorganisasjonar i audiens
Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit tok i dag imot Norsk Bibliotekforening, Nynorsk kultursentrum, Førdefestivalen og Risør kammermusikkfest i digital audiens.
Av Kronprinsessas 16 beskyttarskap er Nynorsk kultursentrum det yngste. I nesten 30 år har kulturinstitusjonen arbeidd for at nynorsk er sjølvsagd når som helst og kor som helst.
Nynorsk kultursentrum driv tre faste kulturarenaer: Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje, og arrangerer festivalar ved dei same arenaene.
Styreleiar Reidar Sandal og fungerande direktør Gaute Øvereng orienterte om korleis det står til med nynorsken i skrift og kultur i dag.
Kronprinsesse Mette-Marit har vore beskyttar for Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur sidan april 2021. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Maktspel og musikk i kriser
Førdefestivalen og Risør kammermusikkfest tek i år opp brennaktuelle tema. Årets tema for Førdefestivalen er «Musikk i kriser» – og til Førde kjem i år artistar frå land vi tenkjer på i samband med krig og naud. Risør kammermusikkfestival har «Maktspill» som tema. Musikkhistoria vitnar om tallause møte mellom kulturar.
Risør kammermusikkfest fylte i 2021 30 år.
Festivalsjef Eirik Raude og styreleiar Mia Bergmann i digital audiens. Foto: Euishin Kim, Risør kammermusikkfest
Førdefestivalen er Skandinavias største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk og tok i 2019 imot heideren EFFE AWARD 2019–2021, då European Festival Association kåra han til ein av dei fem beste festivalane i Europa uansett sjanger.
Besøkjer Bibliotekmøtet i Oslo
Førstkommande torsdag besøkjer Kronprinsesse Mette-Marit Bibliotekmøtet 2022 og vil vere til stades under panelsamtalen «Les for livet». Bibliotekmøtet blir arrangert av Norsk Bibliotekforening, og i dag fekk ho ei orientering om det generelle arbeidet av styreleiar Vidar Lund og generalsekretær Ann Berit Hulthin.
Styreleiar Vidar Lund og generalsekretær Anne Berit Hulthin i digital audiens. Foto: Norsk Bibliotekforening
Norsk Bibliotekforening er ein interesseorganisasjon for bibliotek og bibliotekbrukarar. Kronprinsessas årlege litteraturtog byggjer på eit svært godt samarbeid med Deichman og lokale bibliotek.
Om beskyttarskap
Kongeleg beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.
Aktuelle saker

Prinsesse Astrid åpnet N.K.S Helsehus
Prinsesse Astrid, fru Ferner klippet snoren da det nye helsehuset i Lørenskog ble åpnet.

Kronprinsparet besøkte ungdom og frivillige hos Drammen Røde Kors
Ungdomshuset Fellesverket er et gratis aktivitetstilbud for ungdom i alderen 13 til 25 år. I dag kom Deres Kongelige Høyheter Kronprinsen og Kronprinsessen på besøk til Fellesverket i Drammen.