Besøkte Raudekrossen
Den Høgvørde Kronprinsessa vart torsdag orientert om hjelpa Raudekrossen gjev til menneske i Noreg og internasjonalt. Raudekrossen i Noreg har så langt sendt 35 tonn livsviktig naudhjelp til Ukraina.
Generalsekretær Bernt G. Apeland i Raudekrossen i Noreg kom rett frå ei reise til Ukraina til møtet med Kronprinsesse Mette-Marit på hovudkontoret til organisasjonen i Oslo.
Han fortalde, ved hjelp av eit kart over Ukraina, om innsatsen Raudekrossen gjer inne i landet. Midt i kampane som utfordrar det humanitære arbeidet, gjer Raudekrossen i Ukraina alt dei kan for å støtte og hjelpe medborgarane sine.
1600 tonn naudhjelp og medisinsk utstyr er delt ut – inkludert mat, sengetøy, teppe, telt, vatn og hygieneartiklar. Raudekrossen i Ukraina har også hjelpt til med evakuering av sivile, opna krisesenter for mellombels opphald og gjeve førstehjelp og psykososial støtte.
Kronprinsesse Mette-Marit blir ønskt velkommen til Raudekrossen i Noreg av president Thor Inge Sveinsvoll. Foto: Liv Anette Luane, Det kongelege hoffet
Raudekrossen i Noreg har signert partnarskapsavtale med Raudekrossen i Ukraina og har no fire tilsette i Ukraina. Dei bidreg med å vurdere behov for naudhjelp og assistanse og bidreg med helsehjelp. I tillegg bidreg Raudekrossen i Noreg med delegatar til arbeidet den internasjonale Raudekrossen gjer i Ukraina og nabolanda.
Raudekrossen i nabolanda tek imot menneska som flyktar over grensene. Og i Noreg har frivillige frå Raudekrossen vore i aktivitet på mottak og akuttinnkvarteringar over heile landet.
– Vi har gått frå ein situasjon med ein pandemi – over til ein flyktningsituasjon. Og dei frivillige er veldig "på", sa president Thor Inge Sveinsvoll i Raudekrossen i Noreg i innleiinga si.
Frivillige frå Raudekrossen i Ukraina hjelper til med evakueringa av sivile frå den ukrainske byen Odesa. Foto: Igor Tkachenko / REUTERS / NTB
Til stades i møtet var òg einingsleiar for strategi og leiarstøtte Simen Saxebøl, einingsleiar for nasjonale program Ingvill Alisøy-Gjerløw og kommunikasjonsdirektør Øistein Mjærum.
Konflikten i Ukraina er ein av rundt 100 væpna konfliktar i verda, ifølgje Den internasjonale Raudekros-komiteen (ICRC), og Kronprinsesse Mette-Marit fekk ei oppdatering om arbeidet i andre kriser. I Afghanistan treng 24 millionar menneske humanitær hjelp, og Afghanistan Raude Halvmåne jobbar på spreng for å sikre menneske det aller mest nødvendige av mat og medisinar.
Afghanistan Raude Halvmåne har mobile helseklinikkar som gjev kritisk helsehjelp og livreddande behandling for kvinner og barn i til dels svært lite tilgjengelege område i Afghanistan. Arbeidet blir støtta av Raudekrossen i Noreg. Dette biletet er teke utanfor Kandahar. Foto: Meer Abdullah / Afghanistan Raude Halvmåne
Kronprinsessa har følgt arbeidet til Raudekrossen i Noreg i fleire år – gjennom beskyttarskapet sitt.
Aktuelle saker
Gjestebud på Skaugum
Deres Kongelige Høyheter Kronprinsparet holdt gjestebud på Skaugum med tema ung psykisk helse. Gjestebudet ble arrangert i samarbeid med Rådet for psykisk helse.
Åpning av Holmliaseminaret
Hans Kongelige Høyhet Kronprins Haakon var til stede ved åpningen av Holmliaseminaret 2024 i bydel Søndre Nordstrand i Oslo. Han møtte også 60 engasjerte ungdommer fra bydelen.