Hopp til hovedinnhold

Sledetur i Bolterdalen

Ein sledetur med hundespann gjennom storslått natur var noko av det Kronprinsparet fekk oppleve på Svalbard i dag. Men først på programmet stod barn og unge i Longyearbyen. 

21.04.2022

Dei Høgvørde Kongelege Kronprinsen og Kronprinsessa starta dagen i Polarflokken barnehage. Barnehagen er tilpassa klimaet på Svalbard med leikeområde skjerma for vêr og vind, og Kronprinsparet møtte små og store ute på leikeplassen.

Kronprinsparet besøkte Polarflokken barnehage. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet

Barnehagen har eit stort uteområde med akehaug, grillhytte og leikeapparat. Idrettshall, skiløype og skøytebane er rett i nærleiken, så moglegheitene for leik og moro utandørs er mange. 

Besøkte Longyearbyen skule

Frå barnehagen førte fem minuttars spasertur Kronprinsparet til Longyearbyen skule. Her er elevar frå barnetrinnet, ungdomsskulen og vidaregåande samla på det som kan vere den nordlegaste skulen i verda.

Kronprinsen og Kronprinsessa fekk ta del i undervisninga i eit av klasseromma før dei gjekk vidare til Friluftslageret. På lageret finst både utstyr til bruk i undervisninga og utstyr elevane kan låne og bruke på fritida.

I "Hålen" samla om lag 170 elevar seg for å sjå kulturinnslag saman med Kronprinsparet. Alle trinn frå barneskule til vidaregåande bidrog. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Kronprinsen og Kronprinsessa fekk fiskesuppe til lunsj, før dei drog vidare mot naturskjønne Bolterdalen. Dei ønskte å møte ein familie som har busett seg der, og å oppleve litt av kva Svalbard har å tilby turistane som no byrjar å vende tilbake etter pandemien.

Sledetur i Bolterdalen

I Bolterdalen aust for Longyearbyen driv familien Jordbrudal med huskyar og tilbyr turar med hund og slede og ei naturoppleving utanom det vanlege. Kennelen husar 45 hundar og tel deltakarar frå både Iditarod og Finnmarksløpet.

Kennelen er relativt liten. Det er viktig å ha tid og omsorg til kvar enkelt hund, fortel Tommy Jordbrudal. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet

Kronprinsparet møtte familien som slo seg ned på Svalbard for 15 år sidan. Både Tommy Jordbrudal og barna Tiril (10) og Gaute (12) er ivrige hundekøyrarar. Tiril hadde ikkje fylt tre år da ho deltok i hundeløp for første gong, og ho er den yngste som har køyrt North American Championship jr. Gaute vart nordamerikansk juniormeister i hundekøyring da han var 4,5 år.  

Det er 45 hundar i kennelen hos Arctic Husky Travellers. Foto: Sara Svanemyr, Det kongelege hoffet 

Så var det tid for å sele på, og Kronprinsen og Kronprinsessa fekk sjølve oppleve Bolterdalen med hundespann. Aller fremst i Kronprinsparets spann sprang polarhunden Foxi. Foxi vart fødd liten og svak, men viste seg å vere den beste hunden Jordbrudal nokon gong hadde hatt da omstenda plasserte henne fremst i spannet under det hardaste hundeløpet i verda, Iditarod.

Kronprinsparet fekk køyre hundespann på besøk hos Arctic Husky Travellers utanfor Longyearbyen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Held mottaking

I kveld er Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit vertskap for om lag 60 gjester på Svalbard museum. Blant dei inviterte er menneske Kronprinsparet har møtt under besøket, og mange som har lagt til rette for dei mange fine opplevingane undervegs.

Kronprinsparet heldt tale saman da dei ønskte gjestene velkommen.

Kronprinsparets tale

– Haakon og eg er veldig, veldig takknemlege for atter ein gong å vere tilbake her i Longyearbyen, sa Kronprinsessa. – Eg trur de som bur her, veit kor glad Kongefamilien er i Svalbard. Og det som slår oss kvar gong vi er her, er at Svalbard er ein heilt spesiell møtestad – sjølv om det ligg litt utanfor allfarveg.

Kronprinsessa løfta fram kor mangfaldig og internasjonalt lokalsamfunnet i Longyearbyen er. Kronprins Haakon peika blant anna på korleis Svalbard er ein av dei stadene der konsekvensane av klimaendringane er mest synlege:

– På Svalbard møter vi ekstra tydeleg vår tids grunnleggjande utfordringar: isen som smeltar, artane som kan forsvinne, klimaet som endrar seg. Naturen er på sitt røffaste og samtidig sitt mest sårbare her.

Med hundespann i Bolterdalen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

I morgon vil Kronprinsparet komme nærare denne problematikken når dei besøkjer Svalbard satellittstasjon, og i møte med studentar og forskarar ved Universitetssenteret på Svalbard. Kronprins Haakon vil òg besøkje Gruve 7 – den siste kolgruva i Noreg.

 

Fakta

Svalbard

  • Svalbard betegner en gruppe ishavsøyer der den største og viktigste er Spitsbergen

  • Spitsbergen ble oppdaget av den nederlandske sjøfareren Willem Barentsz i 1596, men øyene (sannsynligvis disse) nevnes også i islandske nedtegnelser fra 1100- og 1200-tallet.

  • Navnet «Svalbard» er en sammensetning av ordene «sval» som i «kjølig» og «bard» som betyr «kant»

  • Norge ble tilkjent suverenitet over øygruppen i 1920 gjennom Svalbardtraktaten, som trådte i kraft i 1925. Alle de 44 landene som har underskrevet traktaten har lik rett til økonomisk virksomhet på øygruppen, men bare Norge og Russland har hatt omfattende næringsvirksomhet og bosetting her.

  • Viktigste næringer: Gruvedrift (kull), forskning / utdanning og reiseliv.

  • Areal: 61 022 km2 (Fastlands-Norge er på 323 808 km2)

  • Innbyggertall 2021: 2 940

  • Administrativt senter: Longyearbyen

  • Svalbard administreres av Sysselmesteren, som har tilsvarende myndighet som en statsforvalter
Longyearbyen i april 2022. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Fakta

Offisielle besøk til Svalbard

Kongefamilien har besøkt Svalbard en rekke ganger. Her en oversikt over offisielle besøk under Hans Majestet Kong Harald:

  • 1995: Kongeparet deltar ved 70-årsmarkeringen av norsk suverenitet.
  • 2000: Kronprinsen er til stede ved åpningen av Polarinstituttets luftmålestasjon i Ny Ålesund
  • 2006: Kongeparet markerer Longyearbyens 100-årsjubileum.
  • 2007: Kronprinsessen overrekker utmerkelsen «Internasjonalt samfunn» til Longyearbyen.
  • 2008: Kronprinsen deltar på forskningstur i følge med Danmark og Sveriges tronarvinger.
  • 2010: Kronprinsen deltar på Ny-Ålesundsymposiet 2010
  • 2012: Kongen deltar i minnemarkering for Kings Bay-ulykken i 1962.
  • 2013: Dronningen åpner grafikkutstilling og deltar ved åpningen av Polarjazz.
  • 2015: Dronningen åpner utstilling i Kunsthall Svalbard.
  • 2015: Kronprinsparet besøker forskningsskipet Lance.
  • 2016: Dronningen møter ofre for snøskredet i 2015.
  • 2016: Kronprinsen deltar på Ny-Ålesundsymposiet 2016.
  • 2017: Dronningen møter skredofre og åpner Artica Svalbard.

Kongefamilien har også besøkt Svalbard privat ved flere anledninger.

Da Kong Olav besøkte Svalbard i august 1961 var det første gang en norsk konge besøkte øygruppen. Besøket omfattet åpningen av Kong Olav Vs gruve. Foto: NTB

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook