Hopp til hovedinnhold

Grøne løysingar i Gøteborg

I dag reiste Den Høgvørde Kronprins Haakon, Kronprinsesse Victoria og Prins Daniel til Gøteborg, Skandinavias største hamn. Der var grøn mobilitet eit sentralt tema på den siste dagen under besøket.

04.05.2022

Miljøvennleg transport på land, på sjøen og i lufta er ein av dei store globale utfordringane. Både Noreg og Sverige ligg langt framme i spørsmål om grøn mobilitet, og eit samarbeid kan bety gode, konkurransedyktige løysingar for ein globalt marknad.

På toget mellom Stockholm og Gøteborg. Foto: Sara Fridberg / Svenske hoffet

Grøne løysingar for transportsektoren var eit viktig tema under opninga av dagens næringslivsseminar. Det vart halde ved Lindholmen Science Park, der akademia, forsking og næringsliv kombinerer kreftene sine.

Samarbeid om grøne løysingar

Grøn mobilitet betyr nye drivstoff, ny teknologi, infrastruktur, utsleppsfrie køyretøy og urbane transportløysingar. Fornybar energi er ein sentral del av biletet, og havvind er eitt av områda der samarbeid mellom Sverige og Noreg kan gjere det mogleg å skalere opp og levere løysingar til store, internasjonale prosjekt.

Både Kronprins Haakon og Kronprinsesse Victoria inntok talarstolen under plenumsopninga i dag.

– Sverige og Noreg har saman store moglegheiter, understreka Kronprins Haakon. – Den betydelege næringslivsdeltakinga vi har sett under besøket, viser at både svenskar og nordmenn ønskjer eit enda tettare økonomisk samarbeid. For dei felles utfordringane våre krev felles løysingar – grøne løysingar. Her ligg mykje potensial.

Det kongelege følgjet fekk sjå ein modell av framtidas Gøteborg da dei kom til Lindholmen Science Park. Foto: Simen Sund, Det kongelege hoffet  

Eit moderne seglskip

Internasjonal skipsfart står for 90 prosent av varetransporten i verda. Norsk og svensk maritim næring arbeider med ambisiøse løysingar for å redusere CO2-utsleppa frå sektoren. Det kongelege følgjet fekk sjå nærare på eit av dei mest innovative prosjekta i dag: skipet Orcelle Wind, utvikla av det norsk-svenske reiarlaget Wallenius Wilhelmsen ved Maritime Dynamics Laboratory.

Næringsminister Jan Christian Vestre, Kronprins Haakon, Kronprinsesse Victoria og Prins Daniel under besøket til Wallenius Wilhelmsen i Gøteborg. Foto: Annika Byrde / NTB

 

Skipet vil bli det første vinddrivne skipet i verda for transport av køyretøy og har potensial til å redusere klimautsleppa med inntil 90 prosent, samanlikna med nivået i dag. Orcelle Wind blir planlagt som eit 220 meter langt skip med fem faste, senkbare segl.

 

Forskningsskipet Skagerak

Etter ein offisiell lunsj der landshøvding Lisbeth Schultze var vertskap, drog selskapet for å sjå nærare på eit anna skip. R/V Skagerak er Sveriges nye forskingsfartøy, med utstyr, laboratorium og instrument som legg til rette for forsking i verdsklasse.

Undervisning er òg ein svært viktig del av verksemda på skipet. Studentane blir kjende med marin kjemi, biologi, geologi og fysisk oseanografi, og forståing for korleis dei ulike prosessane i havet heng saman og fungerer som ein heilskap, er eit viktig mål for opplæringa.

Kronprins Haakon, Kronprinsesse Victoria og Prins Daniel besøkjer forskingsskipet ”Skagerak” som ligg til kai i Gøteborg. Foto: Annika Byrde / NTB

Med Skageraks hjelp kan vi få auka forståing for klimaendringane og miljøet i havet, og Sverige tek sikte på å bli verdsleiande innan marin forsking og utdanning.

Avslutta på Norges hus

Så nærma tre dagar med tett program og mange inntrykk seg slutten, og Kronprins Haakon og Kronprinsesseparet drog til Norges Hus for ei avskjedsmottaking. Norges Hus er eit samlingspunkt for den store norske kolonien i Gøteborg og rommar både generalkonsulat og kyrkje. Huset vart opphavleg bygd som sjømannskyrkje, og det var daverande Kronprins Olav som la ned grunnsteinen i 1957.

Til mottakinga kom representantar for norsk og svensk næringsliv i regionen og andre som står sentralt i det svensk-norske samarbeidet her.

Kronprinsen tok avskjed med Kronprinsesse Victoria og Prins Daniel ved avslutninga av mottakinga. Sjølve takketalen var alt halden under lunsjen hos landshøvdingen.

– Så vil eg seie tusen takk for tre flotte dagar her i Sverige! Kronprinsessa og eg er veldig glade for at vi endeleg fekk til dette besøket, vi har jo prøvd nokre gonger. Det har vorte ei tydeleg og positiv markering av det gode naboforholdet mellom Sverige og Noreg. 

– Kjære Kronprinsesse Victoria og Prins Daniel, de har vore det perfekte vertskap. Vi synest alltid det er hyggeleg å vere saman med dykk. Tusen takk for at de får oss til å kjenne oss heime i Sverige.  

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook